Åsskard kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Åsskard kommune eller Åsskard herad på Nordmøre vart utskilt frå Stangvik herad den 1. mai 1895. Kommunen var sentrert kring Åsskard kyrkje og bygdene Bøfjorden og Bæverfjorden/Bøverdalen lengst nordvest i noverande Surnadal kommune. Åsskard grensa til Halse herad og Valsøyfjord herad i nord, til Surnadal herad i aust og sør, til Stangvik herad i sør og til Tingvoll herad og Straumsnes herad i vest. Kommunen vart ihopslegen med Surnadal og deler av Stangvik til nye Surnadal kommune i 1964.
Kjelder
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.