Stangvik kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Stangvik herad)
Hopp til navigering Hopp til søk
Grensesteinen mellom tidlegare Stangvik og Ålvundeid kommunar.
Foto: Olve Utne (1996).

Stangvik kommuneNordmøre vart oppretta som formannsskapsdistrikt den 1. januar 1838 på grunnlag av Stangvik sokn. Stangvik formannsskapsdistrikt svara til å begynna med til områda på begge sidene av Stangvikfjorden og Halsafjorden innanfor Åsskard. Mindre grensejusteringar fann stad i 1874 (til Tingvoll), 1877 (til Surnadal), 1879 (frå Surnadal og Halsa), 1886 (til Surnadal) og 1897 (til Surnadal).

Den 1. mai 1895 vart den ytre halvdelen av kommunen, kring Hamnesfjorden og Åsskardfjorden, utskilt under namnet Åsskard (oftast skrive Aasgaard eller Aasgard på den tida).

Under kommunereformen i 1960-åra vart Stangvik kommune delt. Den 1. januar 1965 vart områda vest for Stangvikfjorden lagt til Tingvoll og Sunndal kommunar, og området aust for fjorden vart lagt til Surnadal kommune.

Kjelder og litteratur