Stabblandet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Satellittbilde av Stabblandet frå NASA World Wind.
Fjella Litløra (t.v.) og Storøra sett frå myrane ovom Nord-Tustna skole.
Foto: Olve Utne
Stabblandet sett frå Edøyfjorden.
Foto: Olve Utne (2008).

Stabblandet er ei fjelløy som ligg mellom Tustna og ErtvågsøyaNordmøre. Øya ligg i den tidlegare Tustna kommune, som frå 1. januar 2006 vart samanslegen med Aure kommune.


Topografi

Stabblandet ligg mellom øya Tustna over Sålåsundet i vest og øya Ertvågsøya over Imarsundet i aust. Rett nordom Stabblandet ligg øya Solskjel, og i sør grensar Stabblandet til Vinjefjorden og til Halsa kommune på fastlandet.

Det er to fjellkjeder på Stabblandet, den kompakte Innerbergssalen/Stabben langsetter vestsida av øya og fjella Storøra og Litløra som fortset i ein mindre bergrygg langsetter austsida av øya. Mellom desse ligg dalen Soleimsdalen.

Fjell

Vatn og tjørner

Langs vestsida:

Langs austsida:

Lengst søraust:

Busetting

Hovuddelen av befolkninga på Stabblandet bur på den relativt flatlendte nordenden av øya — på gardane Soleim og Nygarden, og særleg i grenda Nordheim lengst i nordaust. Grensande til Sålåsundet på vestsida av øya finst grenda Innerberg, og grensande til Imarsundet på austsida av øya finst gardane Ørbogen, Fugelsnes og Aukan. På sørsida av øya ligg garden Fjelnesdalen.

Gardar

Vegnett

Det er brusamband mellom øya Tustna og Stabblandet, og i januar 2007 vart det òg opna brusamband mellom Stabblandet og Ertvågsøya til erstatning for det tidlegare ferjesambandet frå Aukan ferjekai til VinsternesErtvågsøya, Edøya i Smøla kommune og ForsnesHitra.

Det er òg veg søretter austsida av øya heilt til garden Aukan, og søretter vestsida av øya forbi Soleimsgardane søretter til Innerberg. Ein skogsveg går vidare frå Innerberg og ender opp i Fjelnesdalen.