Nordheim (Aure)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Nordheim på Stabblandet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordheim
0513j Nordheim paa Stabblandet.jpg
Nordheim i mai 2007.
Alt. namn: Nautan
Kommune: Aure
Fylke: Møre og Romsdal
Gnr.: 233
Postnummer: 6590

Nordheim (utt. ["nɷ:ɾˌhɛ.m] el. ["nɷ:ˌɾɛ.m]), eldre namn Nautan (utt. ["nʌ:taɲ.] (nom./a.) / ["nʌ:tɔ.] (d.)), er ein matrikkelgard og tidlegare butikk, post- og skulestad på nordaustsida av Stabblandet i Tustna sokn av Aure kommuneNordmøre. Det nylaga namnet Nordheim dukkar opp første gongen i tinglyste erklæringar frå 18791880 om at eigarane vil ta i bruk dette namnet. Topografisk er den sørlege enden av garden avgrensa av Sagvikvatnet i aust og ein lang og bratt men relativt låg åsrygg i vest. Nordenden av garden er avgrensa mot matrikkelgarden Haltvika rett nordom Haltvikåsen og vidare av Imarsundet i aust og av sundet som no blir kalla Nordheimsundet (før: Nautsundet '[1]) i nord. I nordvest går matrikkelgardsgrensa i retning nordvest frå knausen Nauthatten til neset i austkanten av Haltvika rett sørom Stormolta. Hovudbusettinga har vore nærme Nordheimsundet i nyare tid, og inntil seint på 1900-talet var det både butikk og postkontor der.

Namnet «Nautan»

Her låg det opprinnelege tunet. Vi ser bl.a. Trollskaret og Trollskarhaugen i bakgrunnen.
Foto: Olve Utne

Eldre skrivemåtar nemnt av Rygh er: Nøuthe (1559, 1590), Nøutte (1643), Nøte (1667) og Nouten (1723).[2] Skrivemåten Nouten blir òg bruka av Hans Grøn Bull (1817). Det har vore gjort ymse forsøk på å forklara namnet Nautan.

Noatun

Ei heller vidløftig historie hevdar at namnet opprinneleg var Noatun fordi Noahs ark skal ha stranda der.

Å «naute» krøttera?

Noko meir jordnært er det vel å tenkje seg ein samanheng med ordet naut. I eldre tider skal garden ha lege der Nordheimssetra ligg i dag — ved vestbredda av Sagvikvatnet, rett ved Seterholmen og ved foten av lia. Det blir sagt at garden skal ha vorte kalla Lystad på den tida, og at namnet nautan kjem av at dei «nauta» feet lengre unna, der Nordheimsgrenda ligg i dag. Olav Rygh har lite tru på ei forklaring med usamansett naut som stadnamn:[2]

Gaardens virkelige Navn, Nautan, findes ikke andensteds. Jeg kjender ikke noget andet Ord, hvormed det kunde sættes i Forbindelse, end naut n., Hornkvæg, som findes brugt i mange sms. Navne. Men usms. synes det lidet skikket til Navn.

Det er elles uklårt kva nøyaktig tyding eit eventuelt verb å naute skulle ha.

Naut-horn?

«Naut-horn» sett vest- til nordvestfrå?
Foto: Olve Utne
Høglandsfe med karakteristisk, «flat» hornstilling.
Foto: Olve Utne

Når vi ser den ytste enden av åsrekkja, Trollskarhaugen–Nauthatten, frå Gullstein, Kalvika eller Elva, så ser vi ein kolle i midten som kan tolkast som toppen av eit hovud, og på kvar side bogar det seg opp ei li som kan tolkast som kuhornNauthorn. Dei liknar ikkje noko særleg på dei brattboga horna til telemarksfe og andre hornute, norske kurasar av nyare dato, men heller på dei meir flatboga horna til skotsk høglandsfe — ein storferase som truleg ligg nærmare dei kyrne som fanst langs Norskekysten i mykje tidlegare tider. Om det eldre namnet var Nauthorn, så ville den dialektrette uttalen bli Nöthåinn (IPA /"nʌ:tˌhɔɲ:/). Avstanden derifra er ikkje så stor til uttalen Nötainn (IPA /"nʌ:ta’ɲ:/), og overgangen frå -åinn (/-ɔɲ:/) til -ainn (/-aɲ:/) er kjent både frå Smøla og Golma — om enn berre i dativ eintal av svake hokjønnsord, jf. herma “Ta va høvele ått loppainn!” frå Golma, der andre tustningar ville seie ått loppåinn.

Eitt svakt punkt med nauthorn-hypotesen er at Nauthatten ligg ytst på eine hornet. Dette passar dårleg med tendensen til namnegrupper med logisk samanheng. Eit anna svakt punkt er at nauthorna berre visest frå attersida av åsen i forhold til der garden ligg.

Her ser vi utsikten frå midt i Nautsundet (no kalla Nordheimsundet) mot dei austlegaste husa på Nautan/Nordheim med dei to åsryggane på linje attom. (Attom åsane att ser vi elles fjella Storøra og Stabben.) Åsryggane kan minne om skaft.
Foto: Olve Utne

Navth, eller ‘skafta’

Nedgangen til hola ved Nauthatten. Er dette Navth-haevtie?.
Foto: Olve Utne
Utsikten nedover holegangen ved Nauthatten.
Foto: Olve Utne

Det er vel rimeleg å tru at namnet var karakteristisk for garden der han faktisk låg i eldre tid — i austhellinga av den karakteristisk lange, smale og bratte åsryggen som ligg som eit skaft frå rett nordom Bergskallen i sørkant av garden og heilt til Nauthatten vestom nordenden av vatnet. (Vatnet i seg sjølv er elles òg langsmalt og rett.) Og der ligg det ei fonetisk sett svært nærliggjande forklaring i ordet navte (pl. navth) eller nåvte (pl. nåvth). Dette sørsamiske ordet tyder ‘langt skaft (på øks, slegge, grev, hakke; lengre enn nïrre)’.[3] Semantisk føyer det seg fint inn blant andre topografiske namn i området, inkludert Imarn (‘ima, grovnåla”) og Stabben (‘hoggstabben’). I dag er namnet først og fremst bevart i det samansette namnet Nauthatten heilt i nordenden av åsryggen.

Hatt eller haevtie?

Nauthatten kan logisk settast i samanheng med hovudplagget hatt, og dette passar rimeleg godt med forma. Samtidig gjer det dén tolkinga litt mindre sikker når vi veit Nauthatten er karakteristisk ved “den botnlause slukta”,[4] jf. sørsamisk haevtie, som tyder ‘stort hull i berg eller sandjord’:[5] Når vi går opp mot toppen av Nauthatten langs stien frå nordenden, så kan vi svinge av til venstre på siste flata føre toppen. Etter ei bratt nedstigning nokre meter går vi nokre få meter mot høgre, og da ser vi eit relativt stort hol i bergskråninga. Frå opninga går det ei hole fleire meter ned på skrå inn i åsryggen. Dette er ei typisk haevtie. Om namnet på åsryggen har vore Navth, vil ein treffande beskrivelse av denne hola vera Navth-haevtie eller Navti-haevtie.

Hola ved Nauthatten er elles ikkje den einaste markante hola i åsryggen. Lenger inn mot Soleimsdalen og på Soleimssida finst 'Jo-Anders-holå.

Fotnotar

  1. «Nout-Sund» (Bull, Hans Grøn: «Et og Andet om Edøe-Præstegjeld paa Nordmøer», 1817)
  2. 2,0 2,1 Norske Gaardnavne b. 13, s. 457.
  3. Bergsland, Knut & Magga, Lajla Mattsson: Åarjelsaemien–daaroen baakoegærja = Sydsamisk–norsk ordbok. [Indre Billefjord] : Idut, 1993. ISBN 82-7601-010-5.
  4. Roaldset, Ottar: Tustna bygdebok. (3 b.) Tustna : Tustna bygdeboknemnd, 1986
  5. Bergsland, Knut & Magga, Lajla Mattsson: Åarjelsaemien–daaroen baakoegærja = Sydsamisk–norsk ordbok. [Indre Billefjord] : Idut, 1993. ISBN 82-7601-010-5.


Koordinater: 63.2245815° N 8.2130785° Ø