Stormolta

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stormoltå sett frå Kalvika.
Foto: Olve Utne

Stormolta, lokal uttale (Stor-)Moltå (nominativ/akkusativ) / (Stor-)Moltånn (dativ), er ein kring 300 m lang og 100 m brei, låg og furut holme med god jord i furene. Han ligg i Nordheimsundet (tidlegare kalla Nautsundet), mellom Stabblandet i sør og Solskjelsøya i nord. Både Stormolta og den mykje mindre holmen Litlmolta rett austom ligg til bnr. 1 av Solskjeløygarden. Tradisjonelt vart heile holmen avsvidd kvar vår, slik at det voks opp godt og saftig gras utover sommaren. Om somrane har holmen vore bruka til bekrehamning.[1] Rett austom Stormolta ligg ein mykje mindre holme som blir kalla Litlmolta.

Namnet

Maurits Fugelsøy skriv:

Eit stadnamn som ikkje har tilknytning til jorddyrking, men like vel høyrer til grupppa [sic] jordbruk er Molta. Det knyter seg til jektfarten òg. Det eldste namnet var Molten og Molths ordbok seier at det tyder «ta mølleskatt». Frå mange stadar på kysten laut folk til innlandet for å mala kornet sitt. Her laut dei då i land med skatten, eller korntienden. Korn og mjøl var så høgt påakta at det ikkje kunne vera noko merkeleg i at lageret vart lagt på ei øy. Brann og avåt kunne ein sleppe her, og vakthaldet er lett.[2]

Det er fleire grunnar til at Fugelsøy sin hypotese er problematisk. For det første er han basert på hypotesen at den danske skriftforma Molten, som rett og slett er den lydrette parallellen til namnet Moltå, er eldre enn dialektuttalen, noko det neppe er grunnlag for å seie. For det andre er ordboksreferansen morfologisk lite logisk, og attpåtil ikkje etterprøvbar i andre danske ordbøker. Om det skulle gje meining å ha eit tiendinnkrevingspunkt og bevakta kornlager på Moltå — var det eigentlig logisk å ha eit slikt lager så langt ut at det nærmast berre var båtar frå Edøya og Innsmøla av plassar med potensiell korndyrking og lite muligheit for bekkekverner som naturleg ville legge turen forbi. Og endelig burde vel den arkeologiske undersøkinga av Stormolta ha avslørt restar etter eit slikt lagerbygg om det var så sentralt i historia at det endatil gav namn til øya.

Fornminne

Kring 10 m over flomålet lengst nord på øya ligg det mulige restar av ei rundrøys med truleg diameter på 5–6 m og ei høgd på kring halvmeteren. Ein del av steinen ligg utom sjølve røysa. Ein annan forklaringsmodell er at det kan ha vore ei aust–vest-orientert langrøys på 8–9 meters lengd og 4–5 meters breidd.[3]

Stormolta (t.v.) og Litlmolta (t.h.) sett frå myrane vestom Nordheim.
Foto: Olve Utne

Fotnotar

  1. Bekre er det same som vêr eller hannsau.
  2. B. 1, s. 112 i Mal:Fugelsøy 1956
  3. S. 134 i Tustna kommune : topografisk-arkeologisk registrering 1985. (Funn og fornminner i Møre og Romsdal; 6.) Trondheim : Universitetet i Trondheim, Vitenskapsmuseet, 1991.

Kjelder

Litteratur

  • Mal:Fugelsøy 1956
  • Tustna kommune : topografisk-arkeologisk registrering 1985. (Funn og fornminner i Møre og Romsdal; 6.) Trondheim : Universitetet i Trondheim, Vitenskapsmuseet, 1991.

Heimelsmenn

  • Ingolf Nordvik