Bekre
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ein bekre er eit hanndyr av sau og svarar til vêr, sauebukk og liknande i andre dialektar. I forma bekre blir ordet bruka i Glåmdalen og Trysil på Austlandet, på Nordmøre og i Romsdal i Midt-Noreg og på Sunnmøre og i Nordfjord på Vestlandet. Kring Numedal og Telemark blir det gjerne sagt bekar, bøkår og liknande.
Nemninga har òg vore brukt om «en tvær og egensindig Person».
Referanse
Aasen, Ivar: Norsk Ordbog med dansk Forklaring 1873 og seinare utgåver.