Fuglsnes

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Fuglsnes på Stabblandet»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fuglsnes
6358cr Fuglsnes Litloera.jpg
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Aure
Gnr.: 238
Postnummer: 6590

Fuglsnes (IPA ['fʌ:ʂˌnes:ɜ], dat. ['fʌ:ʂˌnes:a]), òg skrive Fugelsnes, er ein matrikkelgardStabblandet i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal.

Garden ligg på vestsida av Imarsundet og grensar til Blomtua i sør og Hola i nord.

Fuglsnes sett frå Ytre FuglvågErtvågsøya. Indre Fuglsnes (bnr. 1) ligg til venstre og Ytre Fuglsnes (bnr. 2) til høgre.
Foto: Olve Utne

Namnet

Den tradisjonelle uttalen av Fuglsnes er Fölsnesse (nominativ/akkusativ) / Fölsnessa (dativ), der -ls- blir uttala som ein retrofleks sj-lyd. Oluf Rygh lister opp dei eldre skriftformene Fulsnis 1590. Fullsnes 1643. Folsnes 1667. Fugelsnæs 1723.[1] For Fuglvågen, som ligg tvers over Imarsundet, er tilsvarande dei fleste formene føre 1723 G-lause: Fuluog 1559. Fulluog 1590. Fuluog 1643. Fuelwog og Yttre Fuelwog 1667. Indre og Yttre Fugelvaag 1723. Merk likevel at Aslak Bolt har af Fogilswage. Uttalen av Fuglvågen er oftast Föggelvågjen, men Fölvågjen førekjem òg. Det er truleg og rimeleg at Fuglsnes og Fuglvågen har same opphavet, og Aslak Bolt si form af Fogilswage tyder på at den eldre forma har hatt fugl som utgangspunkt.

Utmark og seter

Fuglsnesdalen med Fuglsnesvatnet (325 moh.) og lia opp mot fjellet Storøra (908 moh.) attom.
Foto: Olve Utne

Utmarka på Fuglsnes inkluderer mesteparten av det heller brattvorne fjellet Litløra («Imarn») så vel som Fuglsnesdalen og brattlia heilt opp til Storøra og Karlsviksalen/Slettbakktinden. I matrikkelutkastet 1721–23 står det omtalt ei «nu aflagt Sætter», som vi kan mistenkje at låg i Fuglsnesdalen. Frå garden kom i full drift att på 1800-talet, veit vi at det har vorte sleppt dyr på beite opp dit — inkludert den mannevonde hesten som gikk på beite ved Fuglsnesvatnet ein sommar kring midten av 1800-talet. Hesten hadde hyllå på framføtene — ei fjøl som begge framføtene vart bundne til slik at hesten kunne gå, men ikkje legge i trav eller galopp. Da det gikk ord om at det hadde vorte sett ulv, gikk gardfolket oppåt vatnet for å sjå til hesten. Hesten var i fin form, men ulven fann dei liggjande daud. Hesten hadde spent han ihel med bakføtene.[2]

Eigarar og brukarar føre 1761

I Skattematrikkelen 1647 er éin brukar nemnt: Peder Fulsnes med 1 rdl.ort skatt.

Peder F u l s n e s           1 rdr. 1 ort.
Till Kong. Mayt. 1 øre 6 mkl.
Konngen bøxler.

Ruin etter steinhus eller grunnmur.
Foto: Olve Utne (2011).

Fuglsnes dukkar opp i Manntalet 1701 òg; denne gongen òg med namneforma Fulsnes, og med brukaren Chriſten Polsſ: (40) og sonen Paauel Chiſtensſ: (3).[3]

Løytnant Kristian Setnes eigde 15 mkl. av Fuglsnes i 1733 og kjøpte ut dei resterande 15 mkl. noko seinare. I åra fram mot 1761 står han stundom som brukar, og stundom står Fuglsnes som øyde. Vi veit elles lite om tida hans på garden.

På ei delvis attgrodd eng kring 90–95 moh. innafor grensene til Indre Fuglsnes finst det ruinar etter eit tidligare tun. Det er usikkert kor gammalt dette tunet er, og dessutan om det f.eks. kan ha vore hovudtun — for eksempel på Kristian Setnes si tid — eller husmannsplass.

Bnr. 1, Indre Fuglsnes

Gard og hus

Tunet på Indre Fuglsnes
Foto: Olve Utne (2011).

Indre Fuglsnes låg som alsgard under bnr. 2 av Indre Fuglvågen på Ertvågsøya frå 1761 til tidleg i 1820-åra. Garden vart driven som eige bruk til ei stund innpå 1900-talet. I 1972 vart bruket kjøpt av eigaren av bnr. 2, og bruka har vore samanslegne til eitt bruksnummer sidan da.

Gardstunet på Indre Fuglsnes er eit lite rekkjetun kring 20 moh. Våningshuset er ei lita lån i 1½ etasje med midtromsplan og med tilbygd vedskott i nord. Gammelstuå har gjennomgåande loftsbjelkar som visest utvendig på vestveggen som lafteknutar. Nystuå er ein separat tømmerkasse, og kjøkenet og gangen i midten så vel som skottet i nordenden er sett opp i reisverk. Fjøsen er av typisk 1800-talstype med tømra fjøskasse. Det er møkkaluke i eine veggen.

Brukarar

Fugelvågslekta

1824–1847

I 1824 flytta Christopher C. Fugelvåg (1790–1833) dit frå Fuglvågen etter at han fekk skøyte på bruket frå far sin. Faren flytta med som kårkall.

Christopher C. Fugelvåg gifta seg i 1822 med Eli Abrahamsdt. Løvik (1800–18??) frå Utigarden under Løvika i Halsa. Dei fekk fem born saman: 1) Kristoffer K. Fugelsnes (18221868), som tok over bruket; 2) Elen K. Fugelsnes (1825–1???); 3) Abraham K. Fugelsnes (1828–1???); 4) Ola K. Fugelsnes (1831 – 1???); og 5) Beret Kristina K. Fugelsnes (1834–1???).

Eli Abrahamsdt. gifta seg att i 1834, året etter at Christopher dødde. Mannen ho gifta seg med var Ola J. Ørbog (1805 – 1???). Dei fekk tre born saman: 1) Johanna Mattea O. (1836–1???); 2) Edvard (Evert) O. (1838–1???), som tok over bnr. 2, Ytre Fuglsnes; og 3) Johannes O. (1841–1???).

Johanne K. Fugelsnes (1848–1???) gifta seg med bror åt Haagen Hansson Birkelund og utvandra til Amerika.
1847–1868

Kristoffer K. Fugelsnes (1822–1868) tok over bruket i 1847. To år etter at han tok over, gifta han seg med Petronella Imanuelsdt. Lervik frå Smøla. Dei fekk ni born saman: 1) Johanne (1848–1???); 2) Kristoffer (1850–1934), som tok over bnr. 2, Ytre Fuglsnes; 3) Nikoline (1851–1???); 4) Marit; 5) Elen Kristine (1856–1???); 6) Elisabet (1858–1???); 7) Johanna (1860–1???); 8) Imanuel (1863–19??); og 9) Ola (1865–1???).

  1. Johanne K. Fugelsnes (1848–1???) gifta seg med bror åt Haagen Hansson Birkelund frå Leira på Tustna. Dei utvandra til Amerika og busette seg i Chicago-området. Dei tok slektsnamnet Hanson.
  2. Kristoffer K. Fugelsnes (18501934) tok over bnr. 2, Ytre Fuglsnes, sjå der.
  3. Nikoline K. Fugelsnes (1851–1???) gifta seg med Einar S. Solem. Dei busette seg på Smedneset under Soleim på Stabblandet.
  4. Marit K. Fugelsnes dødde ugift.
  5. Elen Kristine K. Fugelsnes gifta seg i 1877 med Anders K. Sandvik på Hyttneset under Sandvika på Tustna.
  6. Elisabet K. Fugelsnes (1858–1???) gifta seg i 1??? med Haagen H. Birkelund i Birkelund under Brandsvika på Tustna.
  7. Johanna K. Fugelsnes (1860–1???) gifta seg med Johan H. Sandvik i Hylla under Sandvika på Tustna.
  8. Imanuel K. Fugelsnes (1863–1???) busette seg på Nordlandet i Kristiansund og arbeidde som skomakar der.
  9. Ola K. Fugelsnes (1865–1???) gifta seg med Maria Arntsdt. Sandvik, og dei tok over Sandvika på Tustna.

I folketeljinga i 1865 er Indre Fuglsnes ført opp med ein hest, 4 kyr, 12 sauer, 4 geiter og ein gris. Dei sådde 2½ tynne havre og sette 1 tynne poteter.

Hennaslekta

1868–1885

Etter at Kristoffer K. dødde i 1868, vart bruket selt på auksjon. Kjøparen var Augustinus Holgerson Henden frå Henna i Valsøyfjorden. Han og kona, Karen Jonsdt. (1829–1???) frå Valsøyfjorden, hadde to born: 1) Hanna (1860–1???); og 2) Margrethe (1863–1???).

  1. Hanna Augustinusdt. (1860–1???) tok over bruket.
  2. Margrethe Augustinusdt. (1863–1???) gifta seg med Fredrik J. Steen frå Tyrhaug på Edøya. Dei busette seg i Ytre Knarvika på Tustna.
1885–1920

Hanna Augustinusdt. gifta seg med Ole K. Lervåg frå Vikamyra under Lervågen på Tustna. Dei fekk skøyte på bruket i 1885. Dei hadde fem born: 1) Karen Berntine (1884–19??); 2) Kristen (1886–1???); 3) Beret (1888–19??); 4) Augustinus (1891–19??); og 5) Johanna (1893–19??).

  1. Karen Berntine Olsdt. Fugelsnes (1884–19??), gift med Nils M. Sagvik og busett i Sagvika på Stabblandet.
  2. Kristen O. Fugelsnes (1886–1???), dødde ung.
  3. Beret Olsdt. (1888–19??), emigrerte til Amerika.
  4. Augustinus O. Fugelsnes (1891–19??), tok over bruket.
  5. Johanna Olsdt. Fugelsnes (18931961, gifta seg med Johannes K. Fugelsnes frå bnr. 2, Ytre Fugelsnes. Dei kjøpte Olvika på Ertvågsøya i 1917 og vart buande der.
1920–1972

Augustinus O. Fugelsnes (1891–19??) tok over bruket av foreldra i 1920. Han vart ikkje gift, og Indre Fuglsnes vart ståande øyde da han dødde. I 1972 vart bruket kjøpt av brukaren på Ytre Fuglsnes, og sidan den tid har heile Fuglsnes-garden vore eitt bruk att med eitt bruksnummer.

Bnr. 2, Ytre Fuglsnes

Den gamle låna på Ytre Fuglsnes. Dette bildet vart teke under gravferda til Ane J. Fjellingsdal i 1931.
Foto: ukjent
Skisse av låna basert hovudsaklig på samtalar med Torvald Gimnes (1909–1992). Alle mål er omtrentlige.

Gard og hus

Den gamle låna på Ytre Fuglsnes var opprinnelig bårstue i Halsa. Ho var ei typisk lån for mellomstore gardsbruk på Tustna — med gang (inkl. tropp) og kjøken i nordenden og stue sørom, og eit langkammers lengst mot sør. I tillegg vart det lagt til ein kårende i form av eit ekstra langkammers med avdelt gang med tropp og loft over i sørenden. Låna hadde to etasjar. På stuoloftet var det tømra to veggfaste senger langs vestveggen, og ved austveggen stod det ein høvelbenk. Det blir fortalt at da Aunekjempen, som kom av skyldfolk, var på besøk, så vart alle sengene for korte. Derfor reidde dei opp begge dei tømra sengene for honom, og han låg — eller nærmast satt, slik skikken var på den tida — i hjørnesenga med hovudet opp mot sørveggen og knea over gavlen til nabosenga.[4] Låna vart riva først i 1950-åra, truleg i 1952.

Brukarar

I 1841 kjøpte Ola Johannesson Ørbog, som hadde vore gardmann på Indre Fuglsnes sidan han vart gift med enkja der i 1834, Ytre Fuglsnes av Peder Foss i Karlsvika som tilleggsjord. Ti år etter, i 1851 selte han gardparten vidare til Ola Pedersson Alsvik frå Olvika på andre sida av Imarsundet. Han og kona Ragnhild Andersdt. Ormbostad dreiv garden fram til dei flytta til Karlsvika kring 1864.

Sandnesslekta

Beiningskorg etter Ingeborg Rasmusdt. Sandnes, som budde på Fuglsnes frå 1864 og gjennom sine eldre år.
Foto: Olve Utne

I 1864 kjøpte Torsten Bårdsson Sæter frå Bårdbakkan under Sæter i Valsøyfjord bruket av Ola Pedersson Alsvik, og han og kona, Ingeborg Rasmusdt. Sandnes (f. 1827) frå Sandnes i Valsøyfjord, vart buande der. Frå før hadde ho dottera Ane Johannesdt. Fjellingsdal.

Det einaste bildet som finst av Kristoffer K. Fugelsnes (1850–1934). Kristoffer sitt fremst til høgre.

Fotnotar

  1. Norske Gaardnavne b. 13, s. 457, nr. 38.
  2. fortalt til Olve Utne av Torvald Gimnes (1909–1992), som hadde fått det fortalt av bestefar sin, Kristoffer K, Fugelsnes (1850–1934).
  3. Manntalet 1701, Nordmør Fogderi
  4. Fortalt til Olve Utne frå Torvald Gimnes, som fikk det fortalt av mor si, Ingeborg K. Fugelsnes (1875–1946).

Kjelder

Lenkjer

Koordinater: 63.18428° N 8.30516° Ø