Innerberg

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Innerberg på Stabblandet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Innerberg
Kommune: Aure
Fylke: Møre og Romsdal
Gnr.: 227
Postnummer: 6590
Låna i Innergarden på Innerberg.
Foto: Olve Utne

Innerberg, òg skrive Inderberg og Berg som slektsnamn, er ein matrikkelgard på Stabblandet i Aure kommuneNordmøre. Garden grensar til Sålåsundet i vest og til fjellet Innerbergsalen i aust. Mot nord grensar garden mot matrikkelgarden Stabben; og mot søraust grensar han mot Fjelnesdalen. Innerberg har to hovudbruk: Innergarden og Yttergarden. I tillegg var Halsen (offisielt namn Åsnes) husmannsplass, og frå 1892 sjølveigande bruk; og Yttervik vart utskilt som sjølveigande bruk i 1911. I matrikkelutkastet frå 1723 er det nemnt at Innerberg hadde eiga seter. Denne setra er borte, og fram mot slutten av 1800-talet leigde dei seter frå Fjelnesdalen. Innerberg høyrde med til Hals skulekrets fram til han vart nedlagt sommaren 1972 og postkontoret var 6591 Indresæter fram til det vart nedlagt i 1973. I 1975 vart det bygd veg mot Soleim, og Innerberg vart flytta over til Nordheim skulekrets og 6594 Nordheim.

Bildegalleri


Koordinater: 63.1652282° N 8.193685° Ø