6591 Indresæter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Indresæter pr. Kristiansund, frå 18. mars 1968 6591 Indresæter, var ein postekspedisjon og seinare postkontor på Innersetra i Sålåsundet i Aure kommuneNordmøre. Postkontoret vart etablert den 1. juli 1895 i samband med dampskipsekspedisjonen på Innersetra og dekte matrikkelgardane Storsetra, Innersetra, Hals, Innerberg og Fjelnesdalen — same området som Hals skulekrets. Den første postopnaren der var Gjermund Øvrevik (1850-). Sonen hans, Edvard G. Øvrevik, var postopnar frå 1. november 1921. Tremenningen Johannes Berven tok over i 1947 og var postopnar fram til siste opningsdagen, tysdag den 29. februar 1972. Frå onsdag den 1. mars same året vart området lagt under 6590 Tømmervåg.

Lenkjer


Koordinater: 63.1629826° N 8.1689064° Ø