Hals (Aure)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre stader med namnet «Hals» eller «Halsen», sjå Hals.

Hals
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Aure
Gnr.: 225
Postnummer: 6590
Hals sett frå vegen rett innanfor StabbenStabblandet. Vi ser korleis halvøya har form av ein «hals».
Foto: Olve Utne

Hals (IPA [hɑ:ʂ]) er ein matrikkelgardTustna i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal.

Garden omfattar Halsnesset og vidare nordetter Sålåsundet til omlag midt i gardsbruket Slettet under matrikkelgarden Innersetra. I vest grensar garden mot Ersvika.

Gardsbruk

Bnr. 1: Oppistua

Oppistua sett frå Sålåsundet.
Foto: Olve Utne

I Skattematrikkelen 1647 står Michell Hals nemnt med 3 rdr. skatt. Som eigar og bygslar står kongen med 1 spd. skyld.


Bnr. 2: Bukta


Bnr. 3: Halsbogen

Sjølve Halsbogen er ei lita bukt med eit smalt nes utanom.
Foto: Olve Utne

Første gongen vi veit at det budde folk i Halsbogen var i 1836, da Erik E. Vågland (1808–18??) frå Ytre Vågland i Halsa bygsla bruket som husmannsplass. Han og kona, Ildri Johannesdt. Korsnes (1816–1870), hadde ni born saman, men berre fem av dei voks opp. I folketeljinga i 1865 står Halsbogen registrert med tre kyr, 16 sauer og ein gris. Det vart sådd 2 tynner havre og sett ei tynne potetar.

Halsbogen vart frådelt Oppistua (bnr. 1) ved skylddeling den 20. september 1873. Kjøparen vart geitbåtbyggjaren Martinus P. Lystad (1840-1901) frå Ljustad på Tustna. Han og kona, Anne Johansdt. Vaagen (1836–1924), fekk fire born saman. Sonen Albert M. Halsbog (1870–1936) tok over garden i 1901. Han og kona, Johanna H. Enge (1877–1955) frå Engjan i Valsøyfjorden, fekk seks born saman. I tillegg til gardsdrifta dreiv dei med noko kleppfisktørking, og nokre få år dreiv dei òg handel, men med lite inntekt. Dei overdrog Halsbogen til sonen Peder, som i sin tur selde til bror sin Halvard i 1938. Halvard A. Halsbog (1904–1983) gifta seg med Gudrun Danielsdt. Hagerup (1904–1979), dotter av bildehoggaren Daniel Hagerup, i 1939. Dei fekk to born, og etterslekta deira eig framleis garden.

Bildegalleri


Bnr. 4: Halsmyra (òg kalla Haugen)


Bnr. 5: Stranda

Stranda.
Foto: Olve Utne


Bnr. 6: Søstua

Søstua sett frå Sålåsundet.
Foto: Olve Utne

Bildegalleri


Bnr. 7: Bortistua

Bortistua med Stamparhaugen og Tuvå i bakgrunnen.
Foto: Olve Utne

Bildegalleri


Bnr. 8: Nesset


Bnr. 9: Dalan (Dalen)

Utfyllande artikkel: Dalan (Aure gnr 225/9).

Dalan kring 1935

Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] (nominativ/akkusativ), ["dɑɽɔ] (dativ)) vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom Ekkerbekkjen (Ekrebekken) i sør og Kvennabekkjen eller Sagelva i nord. Namnet Dalan kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka.

Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei jarnmile under pløying. Det seiest at det var oppgangssag ved Sagelva i hollendartida. Seinare, etter at sagbruket vart nedlagt, vart det sett opp kvennhus, og Sagelva skifta namn til Kvennabekken. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekkjen.

I folketeljinga i 1865 står Dalen registrert med tre kyr, 14 sauer og ein gris. Det vart sådd 1½ tynner havre og sett ei tynne potetar.[1]

Bnr. 10: Slettet

Inni gamle Hals skule.
Foto: Olve Utne

Slettet (dial. ['ʃlet:ɛ] dativ ["ʃlet:a]), som opphavleg hørte til b.nr. 6 (Søstua), vart tidleg slege saman med b.nr. 4 (Steinteigen) under g.nr. 24 (Innersetra). Innanfor den halvparten av bruket som hørte til Søstua vart det òg bygd skule i 1890-åra. Denne skulen vart nedlagt i 1972, men skulehuset står framleis der og blir bruka som skulemuseum.

Bnr. 11: Haugen (Sollien)

Marie Isaksdt. Kalland.

Bruket «Sollien», oftast kalla «Haugen» (uttale: [hʌ:’n] (nominativ/akkusativ), ['hʌ:ja] (dativ)) vart frådelt bnr. 1 (Oppistua) ved skylddeling i 1899, men skøytet vart først gjeve i 1918. Kjøparen, som òg bygde husa her, var Edvard Andersson frå Vullum i Halsa. Han og kona, Marie Isaksdt. Kalland (f. 1856) selde bruket i 1923 og flytta til Gullstein.

Peder A. Ersvik (18911977) frå Ersvika kjøpte bruket i oktober 1923. Han var gift med Gurå Olsdt. Brakstad (1896– * ). Slekta deira eig framleis gardsbruket.

Bnr. 12: Bjørkheim


Bnr. 14: Glemmen

Huset i Glemmen. Butikken låg i sokkeletasjen.
Foto: Olve Utne

Marit K. Halsnes (1916200?) frå Stranda (bnr. 5) og Einar A. Widding (19162008) fekk frådelt denne eigedommen frå Stranda og bygde hus med butikk i sokkeletasjen her. Dei flytta inn i 1952. Butikken, Soleimsund handel, dreiv dei fram til 1. mai 1982.

Bruk utan bruksnummer

  • Tåa
  • Iverteigen

Fotnotar

Kjelder


Koordinater: 63.157723° N 8.1772356° Ø