Dalan (Aure gnr 225/9)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dalan
1935 (ca) Dalan under Hals paa Tustna.jpg
Dalan kring 1935
Alt. namn: Dalen
Kommune: Aure
Fylke: Møre og Romsdal
Gnr.: 225
Bnr: 9
Type: småbruk
Postnummer: 6590

Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] (nom./a.), ["dɑɽɔ] (d.)), oftast skrive som Dalen i offisiell samanheng, er eit småbruk under matrikkelgarden Hals ved Sålåsundet i Aure kommuneNordmøre. Bruket vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom Ekkerbekkjen (Ekrebekken) i sør og Kvennabekkjen eller Sagelva i nord. Namnet Dalan kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka.

Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei jarnmile under pløying. Det seiest at det var oppgangssag ved Sagelva i hollendartida. Seinare, etter at sagbruket vart nedlagt, vart det sett opp kvennhus, og Sagelva skifta namn til Kvennabekken. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekkjen.

I folketeljinga i 1865 står Dalen registrert med tre kyr, 14 sauer og ein gris. Det vart sådd 1½ tynner havre og sett ei tynne potetar.[1]

Hus

Tradisjonen seier at det første huset i Dalan var det som no er kjellaren på gammalhuset, og så vart tømmerkassen sett oppå seinare. Kjellaren hadde doble murar av naturstein i langveggene. I atterveggen var det ei luke som vart bruka til å ta inn potetane. Framveggen, med døra midt på, var lett. Det var ei stor grue i kjellaren. Etter at tømmerkassen vart sett opp vart grua bruka til flatbrødbakst på baksthelle og korntørking i gryte.

Tømmerkassen, ei toroms tømmerstue som vart flytta frå Halsa, vart sett oppå muren kring 1850. I 1916 vart det sagt at huset — og da meinte dei helst tømmerkassen — var to hundre år gammal. Tømmerstua skal opprinneleg ha vore røykomnstue. Det vart bygd til ei sval og eit kammers i reisverk attom. Huset vart oppussa og ombygd kring 1969–1970.

I 1980 vart det oppført eit nytt hus. Det gamle huset står framleis.

Driftsbygningar og uthus

Gammelfjøsen

Gammelfjøsen vart flytta til gards og oppsett kring 1850. Det vart sagt i 1916 at han var kring 150 år gammal, men mistanken er at han var noko nyare. Sjølve fjøskassen var tømra i kamnov. Fjøsdøra var ca. 1,30 m høg og mesta like brei. Det var mökkjalu'k i veggen, men ho stod i motbakke etter at fjøsen vart flytta, så ho var ikkje i bruk. I staden var det mökkjakjellar under deler av fjøsen. Låven var oppført i stavline med tømra røst mot sør. Det gikk to kraftige skråband frå samhaldet til røstet, der dei var innfelt attmed sideåsane. Gammelfjøsen vart riven i 1980-åra.

Sommarfjøsen

Sommarfjøstuftene.
Foto: Olve Utne (2011).

Sommarfjøsen stod ved det som da var øverutgarden fram til sommarfjøsen blas ned i eit storskavêr i 1901.

Naust

Det gamle stornaustet med plass til geitbåtfyringen folket i Dalan hadde fram til 1916, stod attmed naustet i Trøa under Innersetra. Det vart rive tidleg på 1900-talet.

Nynaustet vart bygd i reisverk på sementpålar i 1970-åra.

Nyfjøsen

Nyfjøsen vart bygd tidleg i 1980-åra som ein einetasjes småfefjøs med høylåve og saufjøs på same plan. Det vart tilbygd ein garasjedel nokre få år seinare.

Anna

Noko seterhus var det ikkje i tilknyting til garden. Når kyrne beita på fjellet om somrane, så gikk folk opp til Grindheia på Halsfjellet og mjølka kyrne to gonger kvar dag og bar med seg mjølka ned til gards att.

Slekter

Bildegalleri

Fotnotar


Koordinater: 63.1609634° N 8.1670751° Ø