Hals skule (Aure)
Hals skule, Halsskulen, var ein folkeskule på Tustna i Aure kommune. Skulebygninga vart tømra i 1890-åra på grunn frå garden Hals. Skulekretsen inkluderte matrikkelgardane Hals, Innersetra og Storsetra på Tustna så vel som Innerberg og Fjelnesdalen på Stabblandet. Skulen har eitt klasserom, og i tillegg er det eit lærarkammers, yttergang og mørkloft. Hals skule vart nedlagt i juni 1972 og er no skulemuseum.
Sørveggen på Hals skule.
Foto: Olve Utne (2008).
Galleri
Kjelder og litteratur
- Fugelsøy, Maurits: Tustna før og no. 2. Utg. Tustna historienemnd. Tustna. 1960. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Tustna kommune 100 år 1874-1974. Utg. Tustna formannskap. Kristiansund. 1974. Digital versjon på Nettbiblioteket.