Veiholmen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Motiv frå Veiholmen.

Veiholmen er eit tettbygd område i Smøla kommuneNordmøre. Det er tre grender som har vakse saman: Været, som er det opphavlege fiskeværet på staden, Inner-Innveien og Ytter-Innveien. Tidlegare var Veiholmen eitt av dei største fiskeværa sør for Lofoten, men det er no berre nokre få sjarkar att.

Fyrste leddet i namnet kjem truleg frå et eldre øynamn, Veig, frå norrønt veig, 'sterk drikk'. Namnet vart forvanska til Veidholmen, men Veiholmen er no einaste godkjende form.

Veiholmen har vegsamband til øya Smøla med kommunens administrasjonssenter Hopen over bruer og fyllingar mellom øyer og holmar.

Bildegalleri

Kjelder

Eksternt stoff

Koordinater: 63.51889° N 7.95336° Ø