Nybygd aurgjeldsfyring. Foto: Olve Utne (2017)
Aurgjeldsgeit eller aurgjeldgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Heim kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i store delar av Trøndelag òg. Les mer …
Visegruppa Skuggsjå vart starta i 1979 av Kolbjørn Botten frå Valsøyfjord i Halsa kommune. Gruppa hadde medlemmer frå Halsa, Surnadal og Rindal kommunar. Songrepertoaret var i stor grad basert på gamal historie og segner frå Nordmøre. Bandet gav ut to LP-plater og heldt ein god del konsertar, før det vart oppløyst ein gong i 1980-åra. Desse var med i Skuggsjå, for kortare eller lengre tid: Kolbjørn Botten: song, Gerd Foros: song, Ole Johan Botten: bass, Eistein Bæverfjord: trekkspel, Bernt Bøe: blokkfløyte, Solveig Johansson Grytbakk: fløyte, Jostein Dønnem: gitar og Karstein Svendsli: fiolin. I 1981 gav Skuggsjå ut si første LP-plate: På gamle tufter. Denne plata vart innspela i Viking Studio A/S i Øksendal i Sunndal kommune. Den andre plata kom i 1983, og hadde tittelen Skuggsjå. Innspelinga av denne plata vart gjort i Nidaros Lydstudio AS i Trondheim. Visene som Skuggsjå bruka var forfatta av lokale diktarar frå Nordmøre, til dømes Hans Hyldbakk og Jørgen A. Gravvold, begge frå Surnadal kommune. Les mer …
Hemnværing (lokal uttale ["hæm:ˌvær.eŋ] el. ["hæmnˌvær.eŋ]), òg kalla hemnemål og hemnedialekt, er den tradisjonelle dialekten i Hemne og deler av Snillfjord i Fosen i Sør-Trøndelag. Hemnværing blir klassifisert som ein underdialekt av nordmøring, som i sin tur er ei undergruppe av dei uttrøndske dialektane av trøndermål. Som i dei fleste andre nordmørsmåla er tendensen i hemnværing at konsonanten i jamvektsord blir lengd ( komma, vekko). Diftongane ei, øy og au er stort sett bevarte, anna enn vestafor Vinjeøra, der ein kan ha monoftongisering av ei til ε og øy til ʌ i stavingsinnlyd. Vokalen ʌ er mykje bruka i ord som dʌr (‘dør’), stʌ’r (‘større’) i eldre mål. Yngre mål har gjerne overgang til æ eller, vanligast, ø i desse orda. Les mer …
Kart over Trondhjems Stift / Nidaros bispedømme (med grenser frå føre 1983) som viser kvar Hemne prestegjeld låg.
Hemne prestegjeld, fram til 1918 skrive Hevne prestegjeld, var eit prestegjeld i Orkdal prosti i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Hemne prestegjeld, som vart frådelt Hitra prestegjeld ved reskript av 5. desember 1765, dekte dei daverande kommunane Hemne og Snillfjord og hadde fire sokn: Hemne, Vinje, Heim (frå 1884) og Snillfjord (frå 1899). Gardane Bjørnslia, Ljøsevollen og Lillehaugen, som tidlegare høyrde til Rindal prestegjeld, vart lagt til Vinje sokn av Hemne prestegjeld ved kongeleg resolusjon av 4. desember 1862. Den noverande kyrkja i Hemne sokn vart innvigd den 29. juni 1817 etter at den gamle hovudkyrkja, «Sancta Margrethæ», som stod på gården Kirkesæter, etter et lynnedslag brann ned natt til 15. desember 1815. Kyrkja er åttekanta og har totalt 500 sitteplassar. Ved Vinjeøra har det vore kyrkje sidan føre reformasjonen. Den noverande kyrkja i Vinje sokn, ei åttekanta tømmerkyrkje, vart bygd i 1820 etter at den gamle kyrkja vart riven, men tårnet og preikestolen, så vel som den gamle altartavla frå 1712 i nederlandsk barokkstil, vart flytta over til nykyrkja. Les mer …
|