Forside:Hemne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mal:Navigasjon Hemne
Om Hemne
1612 Hemne komm.png
Hemne kommune er ein tidligare kommune sør i det tidligare Fosen futedømme i Trøndelag fylke. Han grensa til Snillfjord og Orkdal i aust, Rindal og Surnadal i sør og Halsa og Aure i vest. Nord for Trondheimsleia ligg Hitra. Hemne ligg sidan 01.01.2020 i Heim kommune. Hemne prestegjeld (inntil 1918 skrive Hevne) vart oppretta som eit formannsskapsdistrikt den 1. januar 1838. Annekssoknet Vinje hørte til Romsdals Amt, medan resten av prestegjeldet hørte til Søndre Trondhjems Amt. Det skulle derfor i utgangspunktet ha vorte oppretta som ein eigen kommune, sidan ein kommune ikkje kunne høre til to ulike fylke.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Forkynnaren Hans Nielsen Hauge var på vitjing i Hemne to gonger: i 1802 og 1803. Under desse opphalda dreiv han både med forkynning og praktisk arbeid. Mange av hemnværingane slutta seg til haugianismen som eit resultat av desse vitjingane. Det er opphaldet i 1802 vi veit mest om. I april månad kom Hauge gåande over fjellet frå Lensvik ned til Snillfjord. Her tok han inn på garden Snilldal. Ein preikesundag tala han med og forkynte for folket som hadde samla seg på kyrkjebakken etter at gudstenesta var over. Mange vart gripne av preika hans. Men det var òg dei som spotta, eller dei ergra seg over at ein ulærd bonde gav seg til å lære folket frå Bibelen.   Les mer …

«Johanna» malt av Daniel Hagerup.
«Johanna» av Indresæter er ei hardangerjakt som vart bygd i 1892 på verftet åt Gjermund T. Øvrevik ved SålåsundetTustna. Jakta gikk i slofartLofoten og Finnmarka — med salt nordover og fisk salta rett i lasterommet sørover att. Skipper frå 1916 til 1937 var Hans T. Gimnes. Jakt «Johanna» vart selt til Erling og Haakon Taftø ved årsskiftet 1937/1938; skroget vart forlenga og ho vart avrigga og gjort om til motorfarty. I 1980 vart ho selt til Egil Torhus i Mosjøen. I 1992 vart ho kjøpt av Norway Yacht Charter i Oslo, og i dag er ho rigga som brigantin og bruka til turar på Oslofjorden. Laurdagen den 9. juli 2016 rente ho i land og sokk på grunt vatn ved Nesoddtangen. Alle 156 som var ombord vart berga. Tysdagen den 12. juni vart skuta heva, og eigarane seier dei vil gjera alt for å få ho i drift att.   Les mer …

Peder Hovdan (ukjent fotograf).

Peder Elenus Hovdan (fødd i Hemne i Sør-Trøndelag 28. mai 1874, død 9. november 1965) var lærar, målmann og kulturhistorikar. Han er mest kjend for å ha dokumentert utbreiinga av nynorsk skriftkultur på mest alle område i eit halvt hundreår fram mot 1950-åra. Han var fødd Sivertsen, men bytte i 1915 etternamn til Hovdan etter mora sitt fødenamn. Han var gift med lærerinna Jørgine Hovdan, fødd Oppebøen (1873-?), og dei fekk ein son og to døtrer.

Peder Hovdan tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1896, og arbeidde som lærar på Vålerenga, Grønland og i Gamlebyen i Oslo 1899–1940.   Les mer …

Vinje kyrkje.
Foto: Olve Utne
(2009)

Vinje kyrkje i Hemne i Heim kommune er ei åttekanta kyrkje i tømmer frå 1820.

Kyrkja har eit romansk krusifiks som kan vere frå slutten av 1100-talet. Det skal opphavleg ha stått utandørs med eit tak over, og vart attfunne under ei oppussing i 1950-åra. Altartavla frå 1712 er i nederlandsk barokkstil. Preikestol og altartavle vart flytta over frå gamlekyrkja.   Les mer …

Gjertrud Grøtnes Aarsand
Foto: Norske skolefolk (1952)
Gjertrud Grøtnes Aarsand (født 13. august 1893 i Hemne, Sør-Trøndelag, død 28. juli 1980) var lærerinne og poståpner. Hun bodde og virka lengst i KvalavågAvaldsnes, i nåværende Karmøy kommune. Hun deltok også i det kristelige ungdomsarbeidet og i søndagsskolearbeidet og var dessuten medlem av misjonskvinneforeninga og edruskapsnemnda. Aarsand var formann i husmorlaget i bygda. Hun var datter av bonde Hans Grøtnes og Gunhild f. Bjerkan. Gjertrud Grøtnes gikk først Fredly ungdomsskole i Trondheim (1913) og tok eksamen ved Elverum lærerskole i 1917.   Les mer …

TINE Midt-Norge (Hemne) på Kyrksæterøra var i drift inntil 2001.
Foto: Olve Utne
(2009)
Hemne meieri var et andelsmeieriKyrksæterøra i Hemne kommune. Det ble opprettet i 1953, og var fra starten ment å være et smør- og geitostmeieri, men mangel på geitemelk gjorde at det bare ble produsert smør inntil hvitostproduksjonen begynte i 1956. Meieriet innstilte driften i 2001. Etableringen av meieri bidro til utviklingen av båtruter, bilruter og vannverk i Hemne. Meieriet drev både slakteri, butikk og innkjøpslag.   Les mer …
 
Se også


 
Eksterne ressurser
 
Kategorier for Hemne
Hemne
Heim
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artikler