Lorentz Vaagland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lorentz Ingebrigtsen Vaagland (født 3. januar 1909 i Halsa, død 22. august 1986) var lensmann og lokalpolitikar.

Foreldra var gardbrukar Ingebrigt Vaagland og Hanna Vaagland (f. Foss). Lorentz Vaagland vart gift med Margrete P. Sæter 25. mars 1939.

Av utdanning hadde han landbruksskule og lensmannskurs ved Statens Politiskule. Vaagland vart tilsett innanfor Halsa lensmannsdistrikt (som omfatta Halsa kommune og Tustna kommune) i 1939, der han byrja som betjent 1. april. I tidsromma 1. februar 1949 - 1. april 1953 og 1. januar 1961 - 1. januar 1965 var han konstituert lensmann, deretter gjekk han over i fast stilling som lensmann.

Elles var Lorentz Vaagland formann i Halsa forliksråd i 1949, og han var også kommunestyrerepresentant i Halsa. I åra 1954 - 1960 var han formann i Halsa småbruksnemnd. Han var ein ivrig pådrivar for utplanting av skog.

Kjelder