Ole Andreas Lindeman
Ole Andreas Lindeman (fødd 17. januar 1769 i Surnadal, død 26. februar 1857 i Trondheim) var ein pianist, organist og musikkpedagog frå Surnadalen på Nordmøre.
Slekt og familie
Han var son av sorenskrivar på Nordmøre Jacob Madsen Lindeman (1735–1822) og Anna Christine Tangen (1745–1823).
Den 11. juni 1802 vart han gift med Anna Severine Hickmann (1782–1844) Ho var dotter av forretningsførar Fredrik Christian Ludvig Hichmann og Anna Maria Mathea Lybert. Dei fekk elleve born:
- Fredrik Christian Lindeman (1803–1868), organist og døvelærer.
- Jacob Andreas Lindeman (1805–1846), prest.
- Olaus Christopher Lindeman (f. 1807).
- Anne Christine Lindeman (1808–1884).
- Peter Tangen Lindeman (1810–1888), lege.
- Tobias Matsen Lindeman (f. 1811).
- Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887), organist, musikkpedagog og folkemusikksamlar.
- Severine Dorthea Lindeman (f. 1814).
- Juliane Lindeman (1816–1879), musiker.
- Johanna Cathrine Lindeman (f. 1816).
- Just Riddervold Lindeman (1822–1894), organist.
Liv
Lindeman tok eksamen artium ved Trondheim katedralskole før han reiste til København i 1788 for å studere juss. Etter kvart brukte han stadig meir av tida på musikk, og han avbraut jusstudia. Ole Andreas Lindeman vart elev av kapellmeister Israel Gottlieb Wernicke og heldt konsertar med klavér eller fiolin i København. På oppmoding frå biskop Johan Christian Schønheyder flytta Lindeman til Trondheim for å bli organist i Vår Frue kyrkje der i 1799.
Ole Andreas Lindeman vart ein dominerande musikkpedagog i Trondheim — «privilegert Stadsmusicus» — gjennom eit halvt hundreår. Han var song- og musikklærar ved Trondhjems Borgerlige Realskole òg. I 1835 gav han ut, med offentleg stønad, den aller første norske koralboka (salmeboka).
Lindeman vart gift med Anne Severine Hickmann i 1802, og saman fekk dei seks søner. Av desse vart fire organistar, ein av dei dessutan prest, og ein annan dokter. Den eldste sonen, Frederik Christian, etterfølgte faren i Vår Frue kyrkje, Just Riddervold] vart organist i domkyrkja. Jacob Andreas og Ludvig Mathias reiste til Vår Frelsars kyrkje i Oslo. Førstnemnte vart seinare prest i Leikanger og Davik; sistnemnte var far til musikkpedagog Peter Brynie Lindeman, som var leiar for Musikkonservatoriet i Oslo i mange år, og organist Kristian Theodor Madsen Lindeman, som overtok som organist i domkyrkja etter farbror sin. Ei dotter, Juliane, vart òg musikar.
I 1827 kjøpte han ein bygard i Trondheim, på adressa som no er Søndre gate 6. Bygningen fekk namnet Lindemangården, og vart riven kring 1915.
Ole Andreas Lindeman, som heilt til det siste var organist ved Vår Frue kyrkje i Trondheim, dødde 88 år gammal den 26. februar 1857.
Lindemans gate på Rosenborg fekk i 1913 namn etter Ole Andreas Lindeman.
Kjelder
- Ole Andreas Lindeman i Historisk befolkningsregister.
- Ole Andreas Lindeman på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Adressa - om Lindemans gate
- Karevold, Idar: Ole Andreas Lindeman i Norsk biografisk leksikon.
- Bratberg, Terje: Trondheim byleksikon. Utg. Kunnskapsforlaget. 1996. Digital versjon på Nettbiblioteket..