Davik kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Davik i Nordfjord.
Foto: Det Norske næringsliv. 14 : Sogn og Fjordane fylkesleksikon, 1953

Davik er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen strekte seg på båe sider av Nordfjorden mot Bremangerlandet i vest og Ålfotbreen i sør.

Davik prestegjeld vart oppretta i 1740 då kyrkjesokna Davik, Rugsund og Ålfoten vart skilde ut frå Eid prestegjeld. Presten fekk bustad i Davik.

1. januar 1913 blei ein del av Davik, garden Metteneset med 3 innbyggjarar, overført til Gloppen kommune.

1. januar 1964 blei Husevågøy, Grindøy, Gangsøy, Risøy og området nord for Nordfjorden austover til Levdal i kommunen slått saman med Sør- og Nord-Vågsøy kommunar og delar av Selje til den nye Vågsøy kommune. Desse delane av Davik hadde 1 216 innbyggjarar.

1. januar 1965 blei området sør for Nordfjorden og øyområda (bortsett frå øyane som året før gjekk inn i Vågsøy), i tillegg til det meste av Bremanger, slått saman til den nye Bremanger kommune. Dei delane av Davik som gjekk inn i Bremanger hadde 1 567 innbyggjarar.

Frå same dato gjekk området nord for Nordfjorden austover frå og med Levdal i Davik slått saman med Eid kommune og delar av Hornindal kommune til den nye Eid kommune. Det var 654 innbyggjarar frå Davik som gjekk inn i denne nye kommunen.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for tidlegare Davik kommune frå 1920 til 1964:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964
3400 3380 3658 3627 3594 3489

Ordførarar

Galleri

Fotnotar

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. Hopp opp til: 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. Hopp opp til: 3,0 3,1 Folkemengd i Davik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Kjelder