Klavikord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Klavikord bygd av C. Jansen i 1763 og bruka på HemnesHelgeland.

Eit klavikord er eit tangentinstrument med strenger der tonen blir danna av stiftar som slår mot strengen og ligg mot strengen til ein slepper tangenten att, i motsetning til piano, der hammaren slår mot strengen og dett tilbake att med ein gong. Det finst tre hovudtypar av klavikord: bunde klavikord, der strengene er dempa på eine sida og kvar streng har to eller fleire stiftar med ulike tonehøgder; ubunde klavikord, der strengene er dempa på eine sida og kvar streng har éin stift og ei tonehøgd; og cembal d'amour, som er eit ubunde klavikord der strengene er udempa på begge sider og stiften slår an strengen midt på slik at begge sidene kling med med same tonehøgd. Andre variasjonar inkluderer éin eller fleire manualar og med eller utan basspedalar. Klavikordet, som på 1700-talet i Skandinavia ofte rett og slett vart kalla claveer, var mest populært i Skandinavia, tyskspråklige land og på Den iberiske halvøya. I Noreg var klavikordet populært frå tidlig på 1600-talet og utover til nokre tiår innpå 1800-talet.

Bildegalleri

Eksterne lenkjer