Talgsjøen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Talgsjøen (uttale: [tʰɑɽgʂy:n] nom./a., [tʰɑɽgʂy:no]/[tʰɑɽgʂy:a] d.), stundom skrive Talgsjyen eller Talgsjy’n etter uttalen, er eit ope havstykke mellom Golmøya, Straumsnes, Frei og Nordlandet i KristiansundNordmøre. Talgsjøen ligg ved utløpet av Vinjefjorden, Halsafjorden og Tingvollfjorden/Sunndalsfjorden. Mot storhavet grensar Talgsjøen mot Grip og Griphølen i nord og nordvest og Edøyfjorden og Trondheimsleia i nordaust.

Segn

Tustna har det blitt fortalt ei segn om korleis Talgsjøen fekk namnet sitt. Versjonen nedanfor er for det meste henta frå boka "Tustna før og no", band 2:

I "Omnan" på Nordlandsøya heldt det til røvarar som gjorde leia utrygg både for tustningar og andre.

Ein dag var røvarene på toget innover fjorden for å skaffe seg ferskt kjøtt. Dei hadde med seg eit kvinnfolk, henne hadde dei røva på ei ferd tidlegare. På turen fekk dei tak i ei kvige og slakta den. Kvinnfolket såg seg høve til å ta til seg "nikjå" i dyret. På ein papirbit krota ho ned nokre ord om si skjebne og om tilhaldsstaden til røvarane. Ho rulla talgen omkring papiret og la det frå seg , slik at det flaut bort når det vart flo sjø.

Denne talgrullen dreiv i land på vestsida av Golmøya, og dette funnet ga namnet på Talgsjøen. Etter dette vart røvarane i "Omnan" arresterte.

Eksterne lenker