Brattvær kirke

Brattvær kyrkje er ei langkyrkje frå 1917 i Smøla kommune i Møre og Romsdal.

Brattvær kyrkje
Brattvaer.kirke.JPG
Byggeår: 1917
Endringar: Restaurert i 1987
Kyrkjegard: Kyrkjegarden ligg eit par kilometer unna
Arkitekt: Jakob Parelius Holmgren
Materiale: Tre
Sitteplassar: 420
Anna informasjon: Minnestøtte over druknede sjømenn ved kortenden av kirken

Historie

Kyrkja vart reist som erstatning for Brattvær gamle kyrkje, som brann ned i 1913. Det hende under ein storm, og truleg var det eit lynnedslag som starta brannen. Gamlekyrkja var reist i 1885, så ho sto der berre i 28 år. Strid om plassering av ny kyrkja, om kva slags kyrkje ein skulle bygge og økonomiske vanskar førte til at det skulle ta fire år før nybygget var på plass.

Det var biskop av Nidaros Peter Wilhelm Kreydahl Bøckmann som vigsla den nye kyrkja den 26. september 1917.

Bygning og interiør

Byggverket er i tre og har 420 sitjeplassar.

Altertavla vart skore av Daniel Hagerup og måla av Enevold Thømt. Tårnet vart reparert i 1978 med ny taktro, og den opphavelege galvaniserte jerntekkinga vart erstatta med kobber. Kyrkja vart restaurert i 1987 og fekk mellom anna nytt tilbygg for toalett.

Kjelder og litteratur

Koordinater: 63.40646° N 7.80587° Ø