Ole Syversson Øyen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Syversson Øyen (1761-1817) vart fødd på garden ØyenSmøla i Edøy prestegjeld. Foreldra hans var Syver Gunnarsson, opphavleg frå Hitra, og Berit Arntsdotter, som var enkje på bnr. 2 på Øyen då ho gifta seg med Syver Gunnarsson. Ole Syversson fekk bygsel på dette bruket i 1786, og i 1794 vart han gift med Maren Hansdtr. Hopen (1772-1833). Ekteparet fekk 11 born, men berre fire vaks opp. I folketeljinga 1801 finn vi paret på Øyen; det budde då ikkje nokre barn i lag med dei.

Ifølgje militærrullen skal Ole Syversson ha vore skysskaffar. Han omkom i ei kollsegling utanfor Hopen i 1817.

Ole Syversson Øyen var valmann for Edøy prestegjeld våren 1814.

Kjelder