Edøyskipet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Edøyskipet er restane av eit skip frå vikingtida eller merovingertida som vart funne ved georadarundersøkingar i 2019 rett ved Edøy gamle kyrkjeEdøya i Smøla kommune på Nordmøre. Jordradarundersøkingane, som vart leia av Manuel Gabler, viser ein gravhaug med ein diameter på 18 meter, og sentrert i haugen langs aksen NNE–SSW visest kjølpartiet av skipet med ei bevart lengd på 13 meter. Skipet kan ha vore opp til 16–17 meter frå stamn til stamn. Til samanlikning har tuneskipet ei bevart lengd på 15 m og ei rekonstruert lengd på kring 19 m. Jordradarundersøkingane er i sin tur ein del av prosjektet Ein bit av historia som blir leia av Arve Nytun.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!