Geir Morten Brungot

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Morten Brungot og ein bildecollage.

Geir Morten Brungot (fødd 1962 i Fosnavåg) er ein fotokunstnar med base i Sykkylven. Han hadde frå unge år fotografering som hobby og kom tidleg med i miljøet rundt Sykkylven Kameraklubb som han skipa samman med Arild Solberg. Han viste raskt vilje til å gå sine eigne vegar. Der andre tok bilete av naturidyllar fanga han heller opp spor som menneska hadde sett i naturen. Avgjerande for den kunstnarlege utviklinga til Brungot vart møtet med kunstfotografen Lewis Baltz. Dei to møttest under ein workshop i Lofoten i 1985, der Lewis Baltz var rettleiar. Baltz kom til å opne opp for ein ny måte å forhalde seg til fotografiet på.

Kunstformidlaren Olav Løkke omtala i ein artikkel i Årbok for Sykkylven (2000) verknadene av møtet med Baltz slik: "Geir Brungot fulgte Lewiz Baltz tett i den knappe uken workshopen varte, og de to fikk et svært godt forhold. Man kan se at bildene herfra er sterkt påvirket av Baltz, men allerede her kan man se noe av det som senere ble Geir Brungots varemerke, den lille detaljen i bildet som forrykker balansen. Og der Baltz er kjølig registrerende, er Brungots bilder mer naive, mer nysgjerrige og mer personlig engasjert. Disse bildene fra Lofoten ble senere supplert med bilder fra Brungots nærdistrikt, og satt sammen til en utstilling med tittelen "Manscape". Denne utstillinga ble vist flere steder i Norge, blant annet i Preus Fotomuseum i Horten. I 1995 ble bilder fra "Manscape" satt sammen med samtidige bilder av Lewis Baltz fra hans utstilling "Continous Fire Polar Circle", og ble vist flere steder, blant annet i Fotogalleriet i Oslo, noe som resulterte i innkjøp til Museet for Samtidskunst av to av Brungots fotografier."

I åra etter "Manscape" arbeidde Brungot med mange nye prosjekt. Prosjekta hadde fleire namn, nokre vart enkeltbilete, nokre vart seriar som ikkje blei viste, andre danna grunnlaget for seinare utstillingar.

Kort tid etter at bileta til "Manscape" var ferdige, døydde dottera hans av hjartefeil, og bileta fekk no ein annan klang. Mange av bileta inneheldt religiøse symbol, også symbol for døden, direkte vist med "Anna og Barnet". Dette er tema som har følgt Brungot heilt til det siste, men etter kvart har døden fått eit meir forsonleg skjer, som ein møtestad der alle sine liv skal summerast opp.

Geir Morten Brungot er i kontinuerleg utvikling som fotokunstnar, men det er likevel råd å finne ein raud tråd i arbeida hans; viljen til å utforske spora som menneska har sett i naturen. Han er ingen estetikar som først og fremst søkjer dei vakre motiva, han søkjer helst etter motiv der andre styrer unna, på avfallsplassar, tome campingplassar, i vegkryss og i kalde byggfasadar. Gjennom nye vinklingar på kvardagslege motiv fortel han historier om bruk- og kastsamfunnet og om menneskeleg isolasjon. Men han finn også glede i å vise fram uventa harmoniar og former. Han fangar inn den mjuke krumminga i eit betongrør, himmelen i ein glasvegg og menneskelivet i ein utgått skosåle. Han gjev oss spegelbilete av oss sjølve som appelerer til ettertanken og kanskje kan skape grunnlag for handling.

Geir Morten Brungot opererer med fleire forskjellige format, i tillegg til tradisjonelle fotografiutstillingar har han også produsert installasjonar og videoar. Saman med sin tidlegare ektefelle, dansaren Zdenka Brungot Svíteková, eksperimenterte han også med ulike performanceaktivitetar.


Sidan 1996 har Geir Morten Brungot hatt verkstad i Elvetunbygget på Vik i Sykkylven. Her hadde han gjennom mange år eit fellesskap med metallkunstnaren Kjell Gunnar Overøye og tekstilkunstnaren Marit Akslen. Saman med Zdenka Svíteková utgjorde dei nokre år kunstnarkollektivet Kompressor.


CURRICULUM VITAE/GEIR M. BRUNGOT

Representert:

  • Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Oslo
  • BomuldsFabriken Kunsthall Samling
  • Process-Space Art Foundation, Bulgaria
  • Preus Museum, Horten
  • Brandts, Museet for Fotokunst, Odense, Danmark
  • Haugar Vestfold Kunstmuseum, Tønsberg
  • Trondheim Kunstmuseum
  • Nord-Norsk Kunstmuseum, Tromsø
  • Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde
  • Kunstmuseet Kube, Ålesund
  • Vestjyllands Kunstmuseum, Danmark
  • Norsk Kulturråd
  • Kjell Holms stiftelse Kunstsamling
  • Morten Viskum`s samling, Vestfossen
  • Olav Løkkes samling av norsk samtidsfotografi/Preus Museum, Horten
  • Kragerø Kommune
  • Sykkylven Kommune

Separatutstillingar:

  • 2024 «MIND BLUR» & «fence/defence», Camera Lucida, Porsgrunn
  • 2022 «MIND BLUR», Surnadal Billag a/s
  • 2022 «Distorted Landscape», Jazzfestival uts. Møre & Romsdal KS.
  • 2021 «Einsemd i koronaen si tid», Simart Galleri, Ålesund
  • 2019 «Tilbud, Anslag, en Suksesshistorie», Kristiansand Kunsthall
  • 2018 «fence/defence», BomuldsFabriken Kunsthall
  • 2017 «Fargefotografier 2002-2015», Kunsthall Grenland, Porsgrunn
  • 2016 «Uten Tittel», Trafo Kunsthall, Asker
  • «Back in Black,,,, and White», Simart Galleri, Ålesund
  • 2015 ”FOR YOU”, Monthly, Nesodden
  • «Nye Bilder» , Simart Galleri, Ålesund
  • 2014 ”Inside Out Camping”, Weissehalle, Eisfabrik, Hannover
  • ”Fotografier fra kysten, Heimsavn”, Alnes Fyr’s Galleri, Godøya
  • 2013 «Nye bileter-Paris”, Galleri Elvetun, Sykkylven
  • 2012 ”Skjøre Minner Resirkulert”, Aalesund Kunstforening
  • ”Absolutt 50/50%”, Galleri Elvetun, Sykkylven
  • 2011 ”Fragile Memories Recycled”, Meetfactory, Praha
  • 2010 ”HUS”, Haugar Vestfold Kunstmuseum, Tønsberg
  • 2009 ”Paris Reflections”, Galleri F-15, Moss
  • 2007 ”Livet er ei lokal affære” Del 2, Kunstmuseet Kube, Ålesund
  • ”Heime best?!”, Galleri Elvetun, Sykkylven
  • 2006 ”Livet er ei lokal affære”, Trondheim Kunstmuseum
  • ”Jomfruland Stipendiat utstilling” Kragerø Kunstforening
  • 2005 ”Paris Landskap”, Galleri Innsikt, Isfjorden
  • 2004 ”Barcelona Manscape”, Kunstbanken Hamar
  • 2003 ”Evig eies kun det tapte” del 3, Arendal Kunstforening
  • ”The Rest is Silence”, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde
  • Vesterland, Kaupanger
  • ”Stolpe inn-Stolpe ut”, Sunnmøre Museum, Ålesund
  • 2002 No 5, Bergen Kunsthall
  • Tromsø Kunstforening
  • ”Førti, feit, men ikkje ferdig” Jubileumsutstilling i Galleri Elvetun,
  • 2002-2003 ”Evig eies kun det tapte” vandreutstilling i Nord-Norge produsert av

Nord-Norsk Kunstmuseum V/Ingrid Norum, Tromsø

  • 2001 ”Heimsavn”, Sørlandets Kunstmuseum, Kristiansand
  • 2001 ”Kjedsomhetens Fotografi”, Stenersenmuseet, Oslo
  • 1999 ”....det tapte”, Møre og Romsdal Kunstnarsenter, Molde
  • ”Konkrete Landskap”, Ta det Piano Gallery, Ålesund
  • ”EFETH”, Galleri Elvetun og Studio Galleriet, Sykkylven
  • ”God påske-mens vi bombar Jugoslavia”, skulptur, fotografi,stein & kjeks,

Ålesund

  • 1996 ”Kystlandskap”, Møre og Romsdal Kunstnarsenter, Molde
  • Festivalutstillar, Ålesund Teaterfestival
  • Ørsta Kunstlag
  • 1995 Sykkylven Kommunale Galleri
  • Naturhuset på Alby, Galleri F-15 Moss
  • 1994 Robert Fotos Galleri, Bergen

Galleri Barbara, Fylkeskulturhuset i Sunndal

  • 1991 ”Manscape”,Preus Fotomuseum, Horten
  • Naturhuset på Alby, Galleri F-15 Moss

Duo prosjekt/utstillingar:

  • "Continous Fire Polar Circle & Manscape" Lewis Baltz (USA) & Geir M. Brungot
  • 1996 Fotogalleriet, Oslo
  • 1995 Sogn og Fjordane Kunstnarsenter, Førde
  • "Avreise/Departure" Stein Koksvik, maleri & Geir M. Brungot,fotografi
  • 1999 Vestjysk Kunstmuseum, Danmark
  • 1997-1998 Turne med Riksutstillinger
  • 1997 Stenersenmuseet, Oslo
  • 1997 Jazzfestival utstilling, Molde internasjonale jazzfestival
  • ”Pol til Pol” Multimedia prosjekt, Gunnar Knutsen & Geir M Brungot.
  • 2006-2008 POL TIL POL; Vandreutstilling i DKS, Møre og Romsdal
  • 2006 Atopia, Oslo, filmframsyning
  • 2005 Verdenspremiere film, Cinemateket, Oslo
  • Filmvisning, prosjektgalleriet, Møre og Romsdal Kunstnarsenter, Molde
  • Kinoframvising, Ålesund Kino
  • Film og fotografier, Sunnmøre Museum, Ålesund

Kollektive & gruppeutstillingar:

  • 2023 «Winter Presentations», Høyersten Contemporary, Bergen
  • 2022 «All the Lonely People», BomuldsFabriken Kunsthall
  • 2022 Nasjonalmuseet’s opningsutstilling, samlinga
  • 2022 «Barriere 2», Brungot/Wågsholm, Alnes Fyr Galleri.
  • 2022 «Barriere», Brungot/Waagsholm, Opera festuts. Kristiansund Kunstforening
  • 2021 «Heavens Gardens», Process Space Art Festival no 32, Balchik, Bulgaria
  • 2020 Haugar Vestfold Kunstmuseums 25 års utstilling
  • 2020 31 Process – Space Art Festival | Online edition, Bulgaria
  • 2020 «Moll», Khåk Kunsthall, M/Liv Sønderland & Marit Akslen
  • 2019 Statens Kunstutstilling, Høstutstillingen
  • 2019 PROCESS – SPACE ART FESTIVAL, Plovdiv (Europeisk Kulturby 2019),
  • Bulgaria, Internasjonal Kunstfestival
  • 2019-18 «I Naturen», Sogn og Fjordane Kunstmuseum
  • 2018 «Uløselig», Galleri Studio M, Molde
  • 2017 «The Young Lions», Norsk Kamerabasert kunst 1977-2017, Preus Museum
  • 2015 ” Set Fra Oven”, Dronninglund Kunstcenter, Danmark
  • ”Herfra”, Kunstmuseet Kube, Ålesund
  • ”Crossroads”, Drammen Museum
  • ”Rosabloggaren sender ut sine kråker”, Kunst I Natur, Vengjedalen
  • 2014 ”Crossroads”, Lillehammer Kunstmuseum
  • 2013 ”En Kunstner Som Samler Kunst”, Vestfossen Kunstlaberatorium
  • ”Baguette that 2”, Cité International des Arts, Paris
  • ”New Prints-Paris”, Cité International des Arts, Paris
  • ”chiens naufragés” (dans/video/fotografi), Move in Station Festival (cz)
  • ”Forflytting”, video, Moving 13, Ålesund
  • 2012 ”Natur på Nordvestlandet”, Kunstmuseet Kube, Ålesund
  • ”chiens naufragés”, (dans/fotografier på vegg) Aalesund Kunstforening
  • ”chiens naufragés”, (dans/projiserte bileter), Nu Dance Fest, Bratislava,
  • Festival Natrikrat, Brno (cz)
  • ”Silence at Station Bezperi”, video til NA:U, Banska Bystrica (svk), Praha
  • ”Stipendutstillinga”, for dei som har fått M&R fylkesstipend, Kube, Ålesund
  • 2010 Tina-B, Internationale Festival for Contemporary Art, Praha
  • ”Tre tre I ein trekant”, Kunst I Natur, Isfjorden
  • 2009-10-11-12 ”Kompressor No 1,2,3&4”, Galleri Elvetun, Sykkylven
  • ”Ohikulku/Passing By”, Jyväskylä Kunstmuseum, Finland
  • ”Cirkel, Oval, Kvadrat”, Vestjylland Kunstmuseum, Tistrup, Danmark.
  • ”Idyll”, installasjon, Kunst I Natur, Isfjorden
  • Festival New Europe , dans/video, Praha
  • ”Double Exposure”, videofilm visning på Kedja, Oslo
  • 2008 Galleri GAD, Oslo
  • ”Undervegs”, Festspelutstilling, Dei Nynorske Festspela
  • ”restar”, Nu Dance Fest, Bratislava
  • ”Rosa Skog”, Installasjon, Kunst I Natur, Isfjorden
  • ”restar”, danseperformance/video, SIRAEX Festival, Klasterec nad Ohri
  • 2007 ” Passing By”, Liv Sønderland og Geir M. Brungot, Vestfold
  • Kunstnersenter, Tønsberg.
  • ”Ferry”, dans/video, Divadlo v Reznické, Praha
  • 2006 ”Left Overs”, dans/bilder på vegg, Trondheim Kunstmuseum
  • 2005 Galleri Semmingsen, Oslo
  • 2003 ”Norsk Gullalder”, Norsk Kunstnerisk Fotografi på 1970-80- tallet.
  • Norsk Museum for Fotografi- Preus Fotomuseum, Horten.
  • ”Min Gud, Min Gud”, Kulturkirka Jakob, Oslo, kurator Erlend Høyersten
  • ”Urbane Matriser” Haugar Vestfold Kunstmuseum, kurator Øivind Storm Bjerke
  • 2002 ”All Open”, Hangar-Barcelona, Spania
  • Anders Tomren/Geir M. Brungot, Bergen Kunsthall
  • 2001-2002 "Jordsyn", vandreutstilling i Telemark (Raymond Mosken & Geir M.

Brungot), kurert av Olav Løkke i samarbeid med Telemark Kunstnarsenter, Telemark Fylkesgalleri og Telemark Fylke.

  • 2000 "Fotografia Contemporâna Noruega", Centro Cultural Borges, Argentina.
  • 2000 Ta det Piano Gallery, Ålesund
  • 1999-00-01-02-03-04-05-06-07-08-09, Galleri Aalesund 1997-1998
  • "Sår", vandreuts. i samarbeid med Kunstnarsenteret i Møre & Romsdal,
  • Møre og Romsdal Fylke & Riksutstillinger
  • 1994 "Rapporter", Oslo Rådhus
  • 1993 Møre og Romsdal Fylkesgalleri, Volda
  • 1991 Preus Foto, Trondheim
  • 1990 ”Variasjoner over fotografi”, Oslo Rådhus, Galleri Aalesund , Preus Foto,

Trondheim & Sørlandets Kunstnersenter, Kristiansand.

  • 1989 Preus Fotomuseum, Horten
  • 1988-89 Fotografisk Vårutstilling, Oslo

Utsmykkingsoppdrag:

  • 1999 Nytt Apotek, Sentralsjukehuset i Møre og Romsdal, Skulptur/Installasjon

ute i betong, flis, stein og eit tre.

  • 1999 Ny Patologi, Sentralsjukehuset i Møre og Romsdal, Fotografi

Stipend

  • 2024-22 BKH, Utstillingstøtte, Prosjektstøtte.
  • 2023,21,18 Prosjektstøtte, Møre og Romsdal Fylkeskommune
  • 2017 Prosjektstipend, Møre & Romsdal Kunstsenter.
  • 2016 Norsk Fagfotografers Fond, publikasjonsstøtte.
  • 2012 Fegerstens Stiftelses stipend
  • 2010 OCA, Oslo
  • 2010 Kjell Holm’s Stiftelse
  • 2022,16,08 Arbeidsstipend, Møre og Romsdal Fylkeskommune
  • 2005 Jomfruland Stipendet
  • 2022,12,03 Ingrid Lindbäck Langaard Stiftelse, stipend opphald

Citê, Paris

  • 2016,03 Publikasjons stipend, Norsk Kultur Fond
  • 2021,19,18,16,15,07,06,02 Vederlagsfondet, prosjektstøtte
  • 2018,15,14,10,06,01,96 Statens Reise/Studie/Diverse stipend
  • 2015,09,07,06,04,03,00,95 Prosjektstipend, Norsk Kulturfond
  • 2022,20,18,17,16,15,14,13,11,10,07,06,05,04,02,01,98,97,95 Utstillingsstipend Norsk Kulturråd

Utstillingsstipend:

  • 1991 Debutstipend, Norsk Kulturråd
  • 2011,03,99,97,95,93,90 Norsk Fotografisk Fond

Arbeids og studieopphald:

  • 2022,19,18,17,15,14 Wien
  • 2013 Studio D, Villa Minimo, Hannover Kunstverein, Hannover
  • 2006-2013 Delvis bosatt i Praha
  • 2007,08 Senter for kulturproduksjon og kulturformidling, Høgskulen i Volda
  • 2005 Jomfruland Stipendet
  • 2023,13,04/05 Cité International des Arts, Paris
  • 2002 Hangar, Centre de Producció dÁrts Visual Multimédia, Barcelona.

Medlemskap:

  • Bono, Forbundet Frie Fotografer, NBK

Utdanning:

  • Under Lewis Baltz (USA) 1985, Paul Hill (England) 1987

Verv:

  • 2019-22 Styreleder og medlem av Norsk Fotografisk Fond.
  • 2018-19, Medlem av Nominasjonskomiteen NBK
  • 1997-99, Leiar av BKMR

Bøker/Katalogar/Magasin:

  • 2022 Digital katalogar; «Barriere 1 & 2», «Distorted Landscape».
  • 2020 «MOLL», katalog, tekst Kjetil Røed, med Marit Akslen & Liv Dysthe

Sønderland

  • 2019 «Tilbud, Anslag, en Suksesshistorie», Katalog, tekst Tone Lyngstad Nyaas,

med Stein Koksvik & Olav Ringdal.

  • 2019 Statens Kunstutstilling, katalog
  • 2017 «Ein Alvorleg Mann/A Serious Man», Bok, tekst Øivind Storm Bjerke/Olav

Løkke, solo

  • 2017 «The Young Lions», Fancine, Preus Museum
  • 2015 «Set fra Oven», Katalog, tekst Anne Lie Stokbro (dk)
  • 2015 «Crossroads», Bok, tekst Øivind Storm Bjerke
  • 2014 «Inside Out Camping», Katalog, tekst Olav Løkke, solo
  • 2013 «Moving», katalog
  • 2013 «En kunstner som samler kunst», Morten Viskum’s samling, bok
  • 2012 «Stipendutstillinga», katalog
  • 2010 «Tina-B» bok, Praha
  • 2010 “HUS”, katalog, tekst Jan Åke Petterson og Øivind Storm Bjerke
  • 2009 “Reflexion de Paris”, katalog, forord Gerd Rathje (dk)
  • “Graphica Creativa ‘09”, katalog Jyväskylä Art Museum, Finland
  • “Rapport” no 3 2009, Magasin for Norske Grafikere, Oslo
  • 2008 “Undervegs”, Katalog Nynorske Festspel.
  • 2007 “Norske kunstfotografier 1970-2007”, Cecilie Malm Brundtland, bok
  • VLNA nr 28, magasin, Slovakia, tekst Zdenka Svíteková
  • 2006 “Livet er ei lokal affære”, katalog, tekst Eva Furseth
  • 2004 “Barcelona Manscape”, katalog, tekst Erlend G. Høyersten
  • Myndir Nr 1, 2004, Sogn og Fjordane Kunstmuseum
  • 2003 ”The Rest is Silence”, bok, tekst Øivind Storm Bjerke.
  • “Norsk Gullalder”, Norsk Kunstnerisk fotografi på 70-80 tallet.

Tekst Hanne Holm-Jonhsen.

  • ”Min Gud, Min Gud”, katalog, tekst Gunnar Danbolt, Erlend G.

Høyersten.

  • ”Urbane Matriser”, katalog, tekst Øivind Storm Bjerke.
  • 2002 ”Evig eies kun det tapte”, katalog, tekst Ingrid Norum.
  • Vi ser på kunst, magasin, artikkel Olav Løkke.
  • 2001 ”Kjedsomhetens Fotografi”, katalog, tekst Stein Koksvik.
  • ”Jordsyn”, katalog, tekst Olav Løkke.
  • 2000 Hrymfaxe, magasin i Danmark, artikkel Olav Løkke
  • ”Las Semanas Noruegas”, katalog, Centro Cultural Borges, Argentina
  • 1999 ”KunstFotografiNorge”, Forbundet Frie Fotografers 25 års

jubileums bok, red. Jorunn Veiteberg.

  • ”Avreise”, katalog, tekst Jørn Houborg.(dk)
  • ”Konkrete Landskap”, katalog, dikt av Hermann Starheimsæter.
  • 1997 ”Avreise/Departures”, katalog, tekst Gunnar Sørensen, artikkel

Per Hovdenakk.

  • ”Sår”, katalog, tekst Britt Walle Ekroll
  • Billedkunst Nr 7-97, tekst Knut Blomstrøm
  • 1995 ”Continous Fire Polar Circle & Manscape”, katalog, tekst

Olav Løkke. Utstillingkatalog med Lewis Baltz.

  • Hyperfoto nr 1-1995, magasin, artikkel
  • 1994 ”Kystlandskap”, katalog, tekst Olav Løkke.
  • 1991 ”Manscapes”, katalog, tekst Leif Preus.
  • 1989 ”Variasjoner over fotografi”, katalog, tekst Olav Løkke.



Kjelde

  • Olav Løkke: Fotokunstneren Geir Morten Brungot. Årbok for Sykkylven 2000.
  • Geir Morten Brungot - CV
  • Kunstnaren si heimeside: www.sloway.no