Hermann Fischer (1893–1943)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hermann Fischer.

Herman(n) Fischer (f. 1. januar 1893 i Litauen; d. 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein forretningsmann og cellist i Kristiansund. Han tok over forretninga Beklædningsmagasinet Fix etter faren i 1914 og dreiv ho fram til tidleg i 1920-åra. Han var cellist i Kristiansund Symfoniorkester og leiar av orkesteret.

Bakgrunn og familie

Hermann Fischer vart fødd den 1. januar 1893 i Leckava (jid. Latskeve) i Litauen av foreldra Dina f. Bekker og Abraham Fischer. Han gifta seg med Gusta Berman i Trondheim den 19. september 1915. Dei fekk borna Lilly Fischer (f. 1916), Sara Fischer (f. 1920), Emanuel Fischer (f. 1923), Judith Fischer (f. 1930), Ruth Fischer (f. 1931) og Theodor Fischer (f. 1937).

Drepen av nazistane

Utafor Ole Jullums gate 13 er det lagt ned snublesteinar til minne om Herman Fischer og familien hans.
Foto: Chris Nyborg (2017).

Hermann Fischer vart arrestert av nazistane og sett inn i Ålesund kretsfengsel den 23. mai 1942. Den 12. juli vart han overført til Vollan i Trondheim. Den 7. august vart han og Abraham Borøchstein teken ombord i eit skip og tekne nordover til Kvænangen. Den 11. november same år vart dei tekne ombord på eit skip att og sendt til Grini fangeleir, der dei kom fram den 21. november. Den 26. november 1942 vart han og mange andre sendt med M/S «Monte Rosa» til Århus i Danmark. Frå Århus vart dei tekne med tog til Hamburg og derifrå att til Berlin. Frå Berlin vart dei sendte med kuvogner vidare, og dei kom til Auschwitz den 11. desember 1942. Hermann Fischer dødde i Auschwitz den 2. januar 1943.


Snublesteiner Gml. Drammensvei Stabekk.JPG Hermann Fischer (1893–1943) inngår i Snublesteinprosjektet på Lokalhistoriewiki og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.