Soleimsund Handel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå 1952 til butikken vart nedlagt låg han i sokkeletasjen i dette huset.
Foto: Olve Utne

Soleimsund Handel, først driven under namnet Fr. Marit Halsnes, var ein butikk på HalsTustna som vart driven frå 1947 til 1982. Butikken var heile tida ein typisk landhandel med variert utval. Frå butikken vart etablert og heilt fram til ferjeruta Kristiansund–Tømmervåg vart opna i 1960 vart det meste av varene levert til butikken med båten MB «Vega» til Innerseterkaia, og derifrå gjerne med mindre båt direkte til bryggja i Stranda, som fungerte som hovudlager dei første åra.

Butikken i Stranda

Marit K. Halsnes (1916–200?) begynte med butikkdrift i eine stua i Stranda under Hals i 1947. Da ho vart gift med radiotelegrafisten Einar Widding (19162007) i 1950, vart han òg med på drifta.

Soleimsund Handel

Marit og Einar Widding fikk utskilt tomt frå Stranda (bnr. 14, Glemmen) og bygde hus med butikk i sokkeletasjen der. Den nye butikken, som vart opna i 1952, fikk namnet Soleimsund Handel. Dei dreiv butikk der fram til dei la ned butikken den 1. mai i 1982.

Galleri

Kjelder og litteratur

Denne artikkelen trenger kjelder.


Koordinater: 63.1578493° N 8.1665485° Ø