Mållaget i Kjølsdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mållaget i Kjølsdalen i Davik (no Eid kommune) vart skipa i 1870 og var det fyrste mållaget i Sogn og Fjordane. Bak laget stod Elias Melvær som byrja som allmugeskulelærar i Kjølsdalen i 1869 etter å ha gått ut av Stord seminar same våren.

Melvær sjølv kallar laget "eit urande litet Maallag". Laget hadde 14-15 medlemer og møttest kvar sundag ettermiddag. Det vert meldt at dei driv med å "lesa og skriva paa maalet", og så syng dei or Symra (av Ivar Aasen) og songbok for folkehøgskulane. Då han kom til bygda hadde Melvær med seg målblada Dølen og Svein Urædd og nokre målbøker "som han laante ut til Unggutarne i Bygdi".

Laget vart truleg nedlagd då Melvær flytte frå Kjølsdalen i 1871.

Kjelde


Spraakskifte.png Mållaget i Kjølsdalen er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.