Forside:Sogndal kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: HordalandSogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Askvoll • Aurland • Bremanger • Fjaler • Gloppen • Gulen • Hyllestad • Høyanger • Kinn • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Stad • Stryn • Sunnfjord • Vik • Årdal
TIDLIGERE KOMMUNE: Balestrand • Leikanger

Om Sogndal kommune
1420 Sogndal komm.png
Sogndal kommune ligg i Sogn i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Den noverande Sogndal kommune vart etablert i 2020, då Leikanger og Balestrand vart innlemma. Administrasjonssenteret er Sogndalsfjøra, medan Fylkesmannen i Vestland held til i Leikanger (Hermansverk).

Sogndal er kjend som saftbygda, og er ein av dei store fruktprodusentane i fylket. Lerum Fabrikker har ein av sine fabrikkar i Sogndal. Det er og ein god del husdyrbruk i kommunen. Industrien er i stor grad knytta til landbruket, i form av slakteri, bær- og fruktforedling og anna næringsmiddelindustri.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Jensine Klykken Schjelderup
Jensine Petrine Grüner Klykken Schjelderup (fødd 28. desember 1825 i Levanger, død 15. desember 1907 i Leikanger) var prestekone. Ho var dotter av sorenskrivar Peder Klykken, og vaks opp i ein herskapeleg heim kor datidas lokale overklasse møttes og det var mange store selskap. Då ho gifta seg med presten Søren Schjelderup vart det nok eit anna liv, først som lærarfrue i Steinkjer og så som den aller første prestefrua i det nye Hattfjelldal prestegjeld. I Hattfjelldal måtte dei sjølv sørge for å få bygd Hattfjelldal prestegård, ny kyrkje måtte byggast og det var igså mykje anna å få på plass. Hattfjelldal var i ei overgangstid. Frå å være eit område dominert av sørsamar, gjorde innflytting og bureising at den norsktalande befolkninga var ein veksande majoritet. Søren Schjelderup var godt likt av den samiske befolkninga, og har vorte omtale som «den siste finnepresten» som ei heidersnemning. Då samar frå området kom til kyrkjevigslinga i 1869 vart det tatt eit bilete av dei og prestefamilien – her har Jensine på seg ein tradisjonell sørsamisk drakt.   Les mer …

Ole Høilands-hula i Lillomarka i Oslo.
Foto: Hans Høydalsvik
(2019)
NEG 127 Forteljingar om Gjest Baardsen og Ole Høiland er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1979 med tittel Forteljingar om Gjest Baardsen og Ole Høiland. Utsendar var Jostein Inge Mykletun.   Les mer …

Olav Sande kring 1880.
Olav Sande (fødd 26. juni 1850 i Kyrkjebø, død 23. august 1927 i Bergen) var lærar, folkeminnsesamlar, tonediktar og målmann. Sande vart tidleg engasjert i målsaka og var med i Målvinarlaget ved Stord seminar. I Sogn og Fjordane vart han ein av pionérane for målsaka. Han tok opp spørsmålet alt i 1872 på eit lærarmøte i Sogndal. I 1880 heldt han føredrag om målsaka på eit prostilærarmøte på Skjolden i Luster, eit møte som ofte vert framheva som eit vendepunkt for målreisinga i Sogn.   Les mer …

St. Olafs kyrkje i 2012.
St. Olafs kyrkje, óg kalla Engelskkyrkja, er ei anglikansk kyrkje i Balestrand. Ho vart reist i 1897, og er ei etterlikning av ei stavkyrkje, men ho er reist med laft, ikke stavar. Bakgrunnen for at det ligg ei engelsk kyrkje i Balestrand er stadens popularitet hjå engelske turistar på 1800-talet. Ei av dei var Margaret Sophia Green Kvikne (1850–1894), som var prestedotter og klatrepioner. Ho gifta seg i 1890 med Knut Kvikne, som var vert på Kviknes Hotel i Balestrand. Ho døydde der av tuberkulose i 1894, og på dødsleiet hadde ho røpa for mannen at ho hadde ein draum om å få ei engelsk kyrkje på staden. Knut æra dette ynskjet, og skilde ut ei tomt. To amerikanske kvinner ga store pengegåvar, og berre tre år etter Margaret Kviknes død kunne kyrkja innviast.   Les mer …

Eirik Bruhjell

Eirik Olson Bruhjell (fødd 2. desember 1853 i Balestrand, død 12. september 1941 i Fjære) var prest, målmann og ein av dei fyrste bondestudentane i Sogn. Bruhjell kom frå husmannsplassen Bruhjellshagen under garden Bruhjell i Balestrand i Sogn og Fjordane. Foreldra var husmann og bygningsarbeidar Ola Hermundson Langeteig (1804-1873) og Sigrid Antonusdotter Dale (1804-1895). Eirik var den yngste av fem born, og to av syskena utvandra til Amerika.

Etter å ha gått allmugeskulen i Balestrand vart Eirik i 13-årsalderen teken inn i prestegarden til sokneprest Harald Ulrik Sverdrup. Der var han tenestegut og fekk privatundervisning av prestedottera Elisa til 15-årsalderen. Frå august 1870 til desember 1871 gjekk han Balestrand lærerskole som H.U. Sverdrup hadde skipa nokre år før.   Les mer …

Sogndal folkehøgskule på Nes i Sogndal (ca 1910). Til høgre Helgheimsstova, no på De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum. Til venstre Hauge-huset som framleis står på skuleområdet.

Sogndal folkehøgskule (Sogndals folkehøiskole) vart skipa i 1871 av presten Jakob Liv Rosted Sverdrup i Sogndal i Sogn og Fjordane. Dette var ein av dei fyrste folkehøgskulane i Noreg og er, nest etter Sund folkehøgskole (frå 1868), den eldste som framleis er i drift.

Folkehøgskulen vart raskt etter starten etablert som eit danningssentrum og eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn. Skulestyrarane og lærarane hadde gjerne framståande posisjonar i samfunnet, somme òg som stortingsrepresentantar, og ei lang rekkje ungdom frå sognebygdene fekk si viktigaste utdanning og kulturelle fostring her. Skulen, som vart skipa på pietistisk grunnlag, har vore eit sentrum for målreisinga i Sogn og Fjordane.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Sogndal kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar