Ordførarar i Leikanger kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Dette er ei oversikt over ordførarar i Leikanger kommune i Sogn og Fjordane frå innføringa av formannskapslovene i 1837 til 1. januar 2020, då Leikanger vart innlemma i Sogndal kommune.

Større grenseendringar

Leikanger kommune (herred) bestod ved skipinga i 1837 av dåverande Leikanger prestegjeld, som var monaleg større enn den Leikanger kommune som i 2020 gjekk inn i Sogndal. Den største endringa skjedde då Balestrand kommune vart utskild i 1849. Seinare vart også bygdene på sørsida av Sognefjorden overførte frå Leikanger til Vik kommune, det vil seie Vangsnes, Feios og Fresvik. Dessutan gjekk Frønningen-godset til Lærdal kommune og Tingstad ålmenning til Sogndal.

Ordførarar i Leikanger 1837-1849

År Namn Yrke
1838-1839 Christian Gahrup Meidell (1780-1863) Oberstløytnant
1840-1843 Søren Lem Godseigar
1844-1847 Herman Brun (1804-1865) Kjøpmann
1848-1849 Harald Ulrik Sverdrup Sokneprest

Ordførarar i Leikanger 1849-1934

I 1849 vart soknene Fjærland, Tjugum og Vangsnes skilde ut frå Leikanger, og danna Balestrand kommune.

År Namn Yrke
1849-1851 Herman Brun (1804-1865) Kjøpmann
1852-1853 Hans Johannes Brun (1826-1886) Handelsmann og hotellvert
1854-1857 Johan David Haslund (1812-1869) Sokneprest
1858-1868 Sjur Sæterlid Gardbrukar
1868 Hans Lem Godseigar
1868-1869 Johan Herman Brun (1833-) Handelsmann
1870-1873 Nils J. Njøs (1835-1909) Gardbrukar
1874-1881 Lars M. Husabø (1839-1928) Gardbrukar
1882-1884 Jakob Liv Rosted Sverdrup (1882-1884) Sokneprest, stortingsmann og statsråd
1885-1902 Jakob Bøthun (1851-1931) Lærar
1902-1907 Lars M. Husabø (1839-1928) Gardbrukar
1908-1916 Nils Tjønn (1860-1920) Lærar
1917-1919 Hans N Grinde (1870-1958) Gardbrukar
1920-1922 Hans Flesche (1882-1926) Bankkasserar
1922 Knut Jordal Kjøpmann
1923-1934 Hans N Grinde (1870-1958) Gardbrukar

Ordførarar i Leikanger 1935-1991

I 1935 inntok partia lokalpolitikken i Leikanger. Kommunen heldt seg samla gjennom kommunalreformene på 60-talet, unnateke ei lita justering i 1963: Eitorn-grendi vart førd attende frå Balestrand til Leikanger, medan Tingstad ålmenning vart overførd til Sogndal.

År Parti Namn Yrke
1935-1951 V Olav Tveit (1885-1959) Lærar og klokkar 1942-1945 B/NS Hans Fosshagen (1898- 1958) Gardbrukar
1951-1957 V Per H Bøthun (1898-1962) Lærar
1957-1961 V Hans Husabø (1900-) Gardbrukar
1961-1963 V Leif Loen (1899-) Lærar
1963-1975 V Arne Grepstad (1913-1975) Skatterevisor
1975 KrF Olav Straume (1909-1983) Fylkesarbeidssjef
1975-1977 H Lars Lefdal (1939-) Vegsjef
1978-1979 KrF Kåre Næss (1919-2004) Butikkmann
1979-1983 H Ola A Vestrheim (1925-) Gardbrukar
1983-1987 Ap Erling Olsen (1941-) Kontorfunksjonær
1987-1991 H Ola A Vestrheim (1925-) Gardbrukar

Ordførarar i Leikanger 1991-2019

1. januar 1992 vart sørsida med soknene Feios og Fresvik overførde til Vik, medan Frønningen-godset vart overført til Lærdal.

År Parti Namn Yrke
1991-1993 Ap Kjell Helleland (1946-) HVPU-koordinator
1994-1995 Ap Åsta Magni Hauge (1950-) Vernepleiar
1995-1999 V Nils Erling Yndesdal (1959-) Fylkesmiljøvernsjef
1999-2003 V Rolf Nesheim (1960-) Kontorfunksjonær
2003-2015 Ap Olav Lunden (1955-) Maskinførar
2015-2019 Ap Jon Håkon Odd (1977-) Seniorrådgjevar i Direktoratet for forvaltning og IKT

Kjelder