Balestrand kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Balestrand
1418 Balestrand komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1418
Fylke Sogn og Fjordane
Kommunesenter Balestrand
Areal 429.84  km²
Areal land 411.76  km²
Areal vatn 18.08  km²
Folketal 1 288 (2017)
Grunnlagt 1849/1850
Samanslåing(ar) 1964: Kvamsøy overførd frå Vik
Frådeling(ar) 1964: Vangsnes overførd til Vik
2000: Fjærland overførd til Sogndal
Målform Nynorsk
Nettside Nettside
Kommunehuset Balestrand.jpg

Balestrand kommune ligg i Sogn i Sogn og Fjordane fylke. Administrasjonssenteret er Balestrand, som er einaste tettstad. Kommunen grensar til Førde i nord, Sogndal og Leikanger i sør og Høyanger og Gaular i vest. Balestrand ble eit eige prestegjeld og formannskapsdistrikt i 1849/1850, då området vart skild ut frå Leikanger.

Berre kring 10 % av arealet i kommunen er produktivt, og vel 1 % er oppdyrka. Jordbruket er prega av husdyrhald og fruktdyrking, og Balestrand er ein av dei viktigaste fruktbygdene i Sogn. Det finst noko industri. Turisme er ein viktig inntektskjelde.

Dei to gravhaugane Balehaugane ligg nær tettstaden. Dei er datert til kring 800 e.Kr., og er knytta til sagnkongen Bele. På den eine står ein statue av Bele, som vart reist av keiser Wilhelm II av Tyskland i 1913. Kommunenavnet kjem frå gardsnamnet Bale, som i sin tur etter tradisjonen kjem frå sagnkongens namn.

Kvamsøy i Sognefjorden, som vart ein del av Balestrand kommune i 1964, er kjend frå Sverres saga. Her låg Sverre Sigurdsson med sin hær før slaget ved Fimreite i 1184. På øya står Kvamsøy kyrkje som er frå 1200-talet. Det er gjort rike funn frå vikingtida ved Målsnes.

Eksterne lenker

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!

Koordinater: 61.208183° N 6.535314° Ø