Forside:Balestrand kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Rogaland • Hordaland • Sogn og Fjordane • Møre og Romsdal
Sogn • Sunnfjord • Nordfjord
Gulen • Solund • Hyllestad • Høyanger • Vik • Balestrand • Leikanger • Sogndal • Aurland • Lærdal • Årdal • Luster

Om Balestrand kommune
1418 Balestrand komm.png
Balestrand kommune ligg i Sogn i Sogn og Fjordane fylke. Administrasjonssenteret er Balestrand, som er einaste tettstad. Kommunen grensar til Førde i nord, Sogndal og Leikanger i sør og Høyanger og Gaular i vest. Balestrand ble eit eige prestegjeld og formannskapsdistrikt i 1849/1850, då området vart skild ut frå Leikanger.

Berre kring 10 % av arealet i kommunen er produktivt, og vel 1 % er oppdyrka. Jordbruket er prega av husdyrhald og fruktdyrking, og Balestrand er ein av dei viktigaste fruktbygdene i Sogn. Det finst noko industri. Turisme er ein viktig inntektskjelde.

Dei to gravhaugane Balehaugane ligg nær tettstaden. Dei er datert til kring 800 e.Kr., og er knytta til sagnkongen Bele. På den eine står ein statue av Bele, som vart reist av keiser Wilhelm II av Tyskland i 1913. Kommunenavnet kjem frå gardsnamnet Bale, som i sin tur etter tradisjonen kjem frå sagnkongens namn.

Kvamsøy i Sognefjorden, som vart ein del av Balestrand kommune i 1964, er kjend frå Sverres saga. Her låg Sverre Sigurdsson med sin hær før slaget ved Fimreite i 1184. På øya står Kvamsøy kyrkje som er frå 1200-talet. Det er gjort rike funn frå vikingtida ved Målsnes.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Hans Kristian Seip.

Hans Kristian Seip (fødd 6. november 1881 i Røyken, død 14. mars 1945 i Lærdal) var vegingeniør, fylkesmann i Sogn og Fjordane og stortingsrepresentant.

Hans Seip var son av sokneprest Jens Lauritz Seip (1852-1913) og Marie Frederikke Aubert (1853-1931). Han var fødd i Røyken i Buskerud, men voks opp i Åseral i Agder. Ein yngre bror var språkforskaren og universitetsrektoren Didrik Arup Seip medan systera Kathrine vart gift med biskop Eivind Berggrav. Seip tok eksamen ved Kristiania tekniske skole i 1900 og studerte ved Zürich Polytechnikum 1902-03. Han arbeidde i Statens vegvesen i Hedmark 1900-02, Møre 1903-09 og Hordaland 1909-15. Han var avdelingsingeniør ved vegvesenet i Bergen frå 1915 og var vegsjef i Bergen 1921-29.   Les mer …

Tjugum kyrkje.
Foto: Per Olav Bøyum
Tjugum kyrkje i 1960
Foto: Nasjonalbiblioteket

Tjugum kyrkje ligg på nordsida av Esefjorden i Balestrand kommune. Då ho vart reist i 1863, hadde Tjugum både bank og gjestehus, og aktiviteten var større på nordsida av fjorden enn i Holmen.

Tjugum er startområdet for Mini Challenge, festivalen si vesle fjordkryssing. Artikkelen om Tjugum kyrkje er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden.   Les mer …

Kvamsøy kyrkje i 2007.
Kvamsøy kyrkjeKvamsøy i Balestrand kommune vart reist omkring 1280–1300. Øya var i mellomalderen ei viktig hamn, og hadde derfor si eiga soknekyrkje. Regneskapane fortel om mange gåver frå reisande som la til i hamna. Sida 2004 ligg kyrkja i Balestrand kyrkjelyd. Ho er ikkje lenger i fast bruk, for kring 1900 fekk Kvamsøy sokn ny kyrkje, Sæle, lengre vest ved Sognefjorden. Det er gudstjeneste i kyrkja ein søndag i mai og på olsok, og elles nyttast ho til nokr gravferder. Kyrkje er reist i ein enkel stil. Ho har ein rektangulær grunnplan, der koret har samme breidd som skipet. Stilen er vestnorsk gotikk. Kyrkja vart forsterka i 1680-åra, etter at ei synfaring viste at det var skader i murverket.   Les mer …

St. Olafs kyrkje i 2012.
St. Olafs kyrkje, óg kalla Engelskkyrkja, er ei anglikansk kyrkje i Balestrand. Ho vart reist i 1897, og er ei etterlikning av ei stavkyrkje, men ho er reist med laft, ikke stavar. Bakgrunnen for at det ligg ei engelsk kyrkje i Balestrand er stadens popularitet hjå engelske turistar på 1800-talet. Ei av dei var Margaret Sophia Green Kvikne, som var prestedotter og klatrepioner. Ho gifta seg i 1890 med Knut Kvikne, som var vert på Kviknes Hotel i Balestrand. Ho døydde der av tuberkulose i 1894, og på dødsleiet hadde ho røpa for mannen at ho hadde ein draum om å få ei engelsk kyrkje på staden. Knut æra dette ynskjet, og skilde ut ei tomt. To amerikanske kvinner ga store pengegåvar, og berre tre år etter Margaret Kviknes død kunne kyrkja innviast.   Les mer …

Balestrand frå høgda over tettstaden.
Foto: Olivier Bruchez (2002)

Balestrand er ein tettstad og administrasjonssenter i Balestrand kommune. Lokalt vert staden ofte kalla Holmen. Han ligg på nordsida av Sognefjorden, vest for innløpet av Fjærlandsfjorden. Pr. 2016 har Balestrand 809 innbyggjarar.

Allereie i siste halvleiken av 1800-talet vart Balestrand ein viktig turiststad. Det er fleire overnattingtilbod der. Det mest kjende er Kviknes Hotel, som opna i 1752 og fekk sitt nåveranda namn i 1877. Det var der keiser Vilhelm II av Tyskland fekk bodskapen om utbrotet av fyrste verdskrigen i 1914. Norsk reiselivsmuseum ligg i Balestrand.

Dei to gravhaugane Balehaugane ligg nær tettstaden. Dei er datert til kring 800 e.Kr., og er knytta til sagnkongen Bele. På den eine står ein statue av Bele, som vart reist av Vilhelm II i 1913. Kommunenavnet kjem frå gardsnamnet Bale, som i sin tur etter tradisjonen kjem frå sagnkongens namn.   Les mer …

Eirik Bruhjell

Eirik Olson Bruhjell (fødd 2. desember 1853 i Balestrand, død 12. september 1941 i Fjære) var prest, målmann og ein av dei fyrste bondestudentane i Sogn. Bruhjell kom frå husmannsplassen Bruhjellshagen under garden Bruhjell i Balestrand i Sogn og Fjordane. Foreldra var husmann og bygningsarbeidar Ola Hermundson Langeteig (1804-1873) og Sigrid Antonusdotter Dale (1804-1895). Eirik var den yngste av fem born, og to av syskena utvandra til Amerika.

Etter å ha gått allmugeskulen i Balestrand vart Eirik i 13-årsalderen teken inn i prestegarden til sokneprest Harald Ulrik Sverdrup. Der var han tenestegut og fekk privatundervisning av prestedottera Elisa til 15-årsalderen. Frå august 1870 til desember 1871 gjekk han Balestrand lærerskole som H.U. Sverdrup hadde skipa nokre år før.   Les mer …
 
Sjå òg


 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Balestrand kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar