Norsk Reiselivsmuseum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Reiselivsmuseum er eit nasjonalt museum for reiseliv som ligg i Balestrand. Museet held til i tre gamle hus på kaia, bland anna Dampskipsekspedisjonen. I 2014 skal det flytte over i eit nybygg.

Museet vart etablert som Vestnorsk Reiselivsmuseum i 1986. I 2001 skifta det namn til Norsk Reiselivsmuseum, etter å ha fått nasjonalt ansvar. Det vart i 2007 konsolidert med De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, og i 2009 vart det ein del av Musea i Sogn og Fjordane.

Balestrand har vore ein viktig turiststad heilt sidan 1800-talet, og var eit naturleg valg for plasseringa av eit reiselivsmuseum. Bergen var óg ein kandidat, men der fann ein ikkje investorar, og fylkeskulturdirektør Lidvin Osland i Sogn og Fjordane og hotelldirektør Per KvikneKviknes Hotel sørgde for at Balestrand fekk museet.

Kjelder

Koordinater: 61.207191° N 6.526541° Ø