Emma Normann Pastor

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravminnet for Emma Normann Pastor og dottera Helga Normann Leknes er eit trekors med utskjæring på Vår frelsers gravlund i Oslo. Foto: Siri Iversen, 2024.

Emma Normann Pastor (1871-1954) var ein av kunstnarane i Balestrand. Foreldra var kunstmålar Eilert Adelsteen Normann og den fyrste kona hans, Catharina Henriette Hubertine Weitgau frå Tyskland. Emma vaks opp i Düsseldorf og Berlin i Tyskland, men familien hadde sterke band til Noreg. Familien hadde sommarhus i Balestrand og faren er blant anna kjend for bilete med motiv frå Sognefjorden.

Årstal på gravminnet til Emma Pastor Normann og Helga Normann Leknes. Vår frelsers gravlund i Oslo. Foto: Siri Iversen, 2024.

Emma Normann hadde sjølv utdanning innan kunstmåling. Fleire av bileta hennar har nasjonalromantiske motiv med fjord og fjell og gjerne med ei jente i bunad. Emma Normann måla og portrett, nissar og eventyrmotiv og levde av å selje kunsten til turistar i Balestrand. Ho har og måla altertavla i den engelske kyrkja i Balestrand.

Emma vart gift med Willi Pastor, ein tysk journalist og forfattar, fleire av illustrasjonane i bøkene hans er laga av Emma. Dei fekk to barn. Sonen Eilert døydde under andre verdenskrig og dottera Helga Normann Leknes (1902-1987). Ho var dansar og kunstmålar, gift med ingeniør Øivind Leknes frå Kabelvåg, busett i Oslo. Emma og dottera Helga budde i Oslo om vinteren og i huset i Balestrand om sommaren. Emma Normann døydde i Oslo og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Emma og Willi bygde sitt eige sommarhus i Balestrand, Villa Heimdalstrand i 1910 i sein drakestil. Innvendig og utvendig treskurd er laga av treskjeraren Ivar Høyvik. Huset er bevart og vart freda i 2017.

Galleri

Kjelder og litteratur

  • Muntleg: Hans Birger Rutledal
  • Brosjyre frå åpning av Emma Normann-utstilling i Villa Heimdalstrand, april 2018.
  • Melkild, Arne: Kunstnarliv. Utg. Skald. 1993. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Årbok for Sogn. Utg. Musea i Sogn og Fjordane, De Heibergske samlinger - Sogn folkemuseum. Kaupanger. 2007. Digital versjonNettbiblioteket.