Landmarkhuset (Balestrand)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husa anno 2020

Landmark huset ved Balahaugen er eit bustadhus ved Belehaugane og skal vere frå 1830 og det var flytta frå Frønningen i Lærdal. Då dei grov ut tomta fann dei eit vikingsverd som no er på Bergen Museum. Underrettssakførar Gerhard Henrik Landmark og familie budde der frå 1859. I perioden 1878-79 var han konstituert fut i Sogn før han då vart fut i Salten. Gerhard skøytte då eigedomen over til systrene sine som budde på Askelund.

Barbra Landmark og Lorentze Landmark overtok. Dei dreiv hushaldningsskule der om vinteren og tok budde der imot turistar om sommaren. Dei bygde eit hus til dette som vart rive av neste eigar. Systrene flytte til USA for ein periode.

Gundelle Margrethe Sverdrup, dotter til Harald Ulrik Sverdrup som var sokneprest i Balestrand, flytte hit i 1886 etter at ho var blitt enke frå soknepresten i Rennesøy, Anton Theodor Johan Thygesen. Gundelle hadde med seg 9 born, 2 søner og 7 døtre. Sønene voks opp i Oslo og Stavanger for å få utdanning, medan døtrene hadde guvernante i Balestrand. Elles hadde heimen ein tenarstab beståande av sjukepleiar og kjøkenjente.

Etter at Gunelle døydde, fekk døtrene overta eigedomen, sønene fråskreiv seg retten. Eigedomen vart frå då av for det meste brukt som feriestad.

Namna på døtrene må nemnast: Idunna Urania, Karoline Rebekka, Margrethe Marie, Josefine Elise, Thora Fredrikke, Gundelle Lovise og Antonette Theodora Johanne.

Kjelde