Bom Bom-huset i Holmen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bom Bom huset anno 2020. Foto: Mary Ann Menes

Det vesle huset Bom Bom på kaien i Balestrand utgjer ein del av bygningane som dannar det gamle damskipskaimiljøet i Balestrand, og som i dag er ein del av Norsk Reiselivsmuseum.

Tilbod til turistane

Rommet i fyrste etasje vart innreia som frisør- og barbersalong, og på 1920- og 1930-talet vart frisørar og barber henta frå Bergen, seinare frå kontinentet. Det var viktig å yte god service til gjestene i løpet av den hektiske turistsesongen.

Det seiest at dette lokalet i ein kort periode også var nytta som dampskipsekspedisjon.

Huset

Ein reknar med at materialet nytta i bygget kom frå det gamle hotellet som vart rive i 1912, for å gi plass til det store sveitsarbygget som står i dag. Det sto ferdig i 1913, og sidan aviser frå 1917 var funne i veggane under restaurering i 1996, stadfestar det at huset var bygd i den tida.

Huset har to høgder og 2. etasje har ein glasveranda langs heile kortsida mot fjorden, og ligg ved sida av Kaihuset.

Inngangen på baksida leier inn i ein liten entré med ei bratt trapp opp til eit «halvloft» og ei dør inn til hovudrommet med glasveranda. Bak dette er eit noko mindre rom.

I 1996 hadde huset store råteskadar og heile første etasje vart riven for å få nytt golv og mur. Under arbeidet viste det seg at huset opphavleg har hatt open svalgang, truleg både i fyrste og andre etasje, men desse har tidleg vorte bygde inn som ein del av romma. Huset har no fargar som er nær opptil det opphavlege eksteriøret.

Namnet Bom Bom

Den svenske kunstnaren Einar Enblom, fødd i Stockholm (1900-1936) var årviss gjest i Balestrand. Han var god ven med hotelleigar Sigurd Kvikne, og var innlosjert i det vesle huset på kaien i lengre periodar. Borna i familien hadde vanskar med å sei Enblom, og kalla han difor Bom, og her ligg opphavet til namnet Bom Bom. Enblom er mest kjend for å måle landskapsmotiv, helst frå Balestrand og Sveits. Han var godt kjend i bygda og det er fleire bilete etter han her. Han var i Balestrand om sommaren, og i Sveits om vinteren. Emblom døydde i Sveits berre 36 år gamal.

Personalbustad

2. etasje vart fyrst nytta som sommarbustad for Kvikne familien. Deretter fungerte romma som personalrom for Kviknes Hotel.

Museum

På 90-talet vart Bom Bom innlemma som eit av dei antikvariske bygga under Norsk Reiselivsmuseum, og har sidan restaurering vore nytta som utstillingslokale for fleire reiselivsrelaterte utstillingar. På byrjinga av 2000-talet vart begge etasjane nytta av kunsthandverkarar, med verkstad og utsal opne i sommarmånadane.

Kjelde

  • Intervju med Marta Kvikne 8.11.2008
  • Urtegaard, Gunnar. 1991 Balestrand Gards- og ættesoge Bind II. Oslo: Norbok AS