Jordal skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jordal skulehus i 2022.

Jordal skule i Sogndal kommune var skulehus for Ytre Fjærland krins.

Skulehuset

Skulehuset vart satt opp i 1901, og fungerte som skule for dei veglause grendene langs dei ytre delane av Fjærlandsfjorden, som mellom anna Lidal, Romøyri og Hammarsneset. Huset var i bruk som skule fram til 1957, då elevane vart overført til Mundal krins og den nye skulen i Mundal

Etter ombygging har det gamle klasserommet vorte til stove. Her kan ein finne ein gamal vedovn og ein stor del av det gamle skulebiblioteket.

Skulevegen

Det nye skulehuset på Jordal førte til lengre skuleveg for fleire av barna frå dei ytre delane av Fjærlandsfjorden, t.d. barna frå Lidal. Bøndene i Lidal hadde, før den faste skulen i Jordal vart bygd, kjempa for eit skulehus eller rodestove i Lidal, slik at barna skulle sleppe den lange og vanskelege skolevegen over fjorden og opp, til for eksempel Hammarsneset. Etter fleire år fekk dei stelt i stand ei rodestove i 1877. Denne var i bruk fram til det nye skulehuset på Jordal vart bygga, og barna på ny fekk ein lengre skuleveg. Barna frå disse ytre delane av skulekrinsen vart i periodar innlosjert på Jordal grunna den lange skulevegen, der dei drog heim annankvar veke eller dag, avhengig av vêrforhold og årstid.

Andre bruksområde

Huset vart brukt som bustadshus ein periode, og vart ombygd i 1990. Etter dette har det vore utleigebustad.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Urtegaard, G., Bering, B. & Kleppa, H. (1989). Soga om grunnskulen 1739-1989. Balestrand kommune.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Intervju med Sven Bjåstad, 21.11.2022

Koordinater: 61.335053° N 6.688701° Ø