Stadlandet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Ervik på Stadlandet.
Foto: Arnfinn Kjelland (2010).

Stadlandet, ofte kalla berre Stad eller Stadt, er ei halvøy i Selje kommune. Det er to tettstader der, Leikanger med drygt 400 innbyggjarar (2016) og Selje med nær 700 (2016). Resten av dei kring 1700 innbyggjarane på Stadlandet er fordelt på bygdene Ervik, Hoddevik, Honningsvåg, Eltvik, Borgundvåg og Årvik.

Staden er kjent for dei vanskelege tilhøva på Stadhavet utafor halvøya, der det er krevjande sjø 90 til 110 dagar i året. Ein av dei største katastrofane i norsk sjøfartshistorie i fredstid var orkanen på Stadhavet 1594, der mellom 300 og 600 mista livet om Peder Claussøn Friis hadde rett i sin utrekning. For å gjere det tryggare å segle fordi Stadlandet vart det i 2013 vedteke å bygge ein skipstunnel gjennom halvøya. Ein kan då segle rimeleg trygt frå Stavanger til Molde. Dette var ikkje ein ny tanke, for allereie i 1874 skreiv Nordre Bergenhus Amtstidende om ein kanaltunnel gjennom Stadlandet.

Hurtigruteskipet D/S «Sanct Svithun» vart senka av eit britisk fly ved Kobbeholmen utafor Ervik på Stadlandet i 1943. 47 mista livet, medan lokalbefolkninga med fare for eigne liv redda i land 77 menneske.

Ytst på Stadlandet ligg Vestkapp, som er det vestligaste fjellplatået i Noreg – men ikkje det vestligaste punktet.

Eid, Selje og ein del av Vågsøy kommunar vert slått saman i 2020, fekk den nye kommunen namnet Stad kommune. Namnet var på norrønt Staðr, 'det som står'.

Litteratur og kjelder

Koordinater: 62.1284639° N 5.2216222° Ø