Orkanen på Stadhavet 1594

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stadlandet og Selje, tresnitt frå Nordiska taflor (1868).

Orkanen på Stadhavet 1594 er kjend frå Peder Claussøn Friis si bok Norriges oc omliggende Øers Beskrivelse fra 1613. Heile femten skip og jekter skal ha forlist under orkanenog det skal ha våre frå 20 til 40 mann på kvart farty. At ein reknar med eit så høgt tal skuldast at det ikkje var uvanleg at heile familiar var med på ferda nordfrå til Bergen. Dette vil seie at mellom 300 og 600 miste livet, om Friis hadde rett i sine tal. Dermed er dette truleg den største enkeltkatastrofen i norsk sjøfartshistorie i fredstid.

I fleire omtalar av orkanen vert Absalon Pederssøn Beyer oppgjeven som kjelde. Han døydde i 1575, nitten år før hendinga, og det er altså Peder Claussøn Friis som er kjelda. Omtala lyder slik:

Der blifuer altid megit Folk borte i Nordland, baade naar de roe langt ud i Hafuit at fiske, oc naar de seigle til Bergen, oc synderlig for Stad eller Stadshaff, at der da paakommer en haftig Storm, oc forsylder dennem, saa at de blifue borte met Skib oc Gods, Hustru oc Børn, oc alt deris Fold (fordi de som boe langt nord i Landet, hafue deris Quinder oc Børn met sig, naar som de seigle til Bergen), saa som skeet er Anno 1594, at der blefue paa en Tid for Stad 15 Nordfar-Skib og Jacter, oc 20 eller 30 eller 40 Mennisker paa huert Skib.
– Peder Clausson Friis: Norriges oc omliggende Øers Beskrivelse.

Litteratur og kjelder