Fjordenes amtsskole

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Fjordenes amtsskole (Fjordane fylkesskule) kom i gang i Gloppen i Sogn og Fjordane i 1876. Skulen er forlauparen til Fjordane folkehøgskuleEid.

Amtsskuleordninga i Nordre Bergenhus

Stortinget hadde sommaren 1875 vedteke ei amtsskuleordning og sett av 6000 spd til føremålet. Amtstinget i Nordre Bergenhus løyvde same året 200 spd til amtsskular og sette ned to amtsskulekommisjonar, ein for Sogn og ein for Fjordane.

I kommisjonen for Sogn sat prost Jacob Edvard Smith (Sogndal) og gardbrukar og ordførar Endre I. Offerdal (Årdal). Denne kommisjonen fekk ein lett jobb sidan han kunne gje Sogndal folkehøgskule (skipa 1871) status og tilskot som amtsskule alt i 1875.

Til amtsskulekommisjonen for Fjordane vart det valt fire mann i 1875: utskiftingsformann og ordførar Sølfest Kvale (Eid), sokneprest Adolph Daae (Stryn), sakførar og ordførar Livius Smitt (Florø) og gardbrukar og ordførar Karl Vefring (Vevring). Kommisjonen skulle både velje stad og elles organisere drifta av skulen, og valet stod mellom Kinn i Sunnfjord og Eid, Stryn og Gloppen i Nordfjord.

Vantande statstilskot i 1875 gjorde at skulen ikkje var komen i gang til sommaren 1876, så amtsformannskapet sjølv avgjorde etter tilråding frå kommisjonen at skulen skulle liggje i Gloppen. Etter dette sat det to mann også i amtsskulekommisjonen for Fjordane, Livius Smitt og lensmann Arnoldus Lund (Stryn).

Amtsskulen i Gloppen og Innvik 1876-1891

Gloppen kommune hadde tilbode gratis husrom, lys og ved, og skulen kom i gang frå hausten 1876. Skulen vart lagt til ei stove på garden Apalset. I den same stova hadde den heimkomne bondestudenten Jakob Hjelmeset halde ein radikal friskule (folkehøgskule) for bondegutar 1875-76, og han søkte både styrar- og lærarpostane utan å få dei. I formannskapet hadde Gudmund Hjelmeset, stefar til Jakob Hjelmeset, kome med framlegget om at Gloppen skulle støtte amtsskulen økonomisk, og han og fleire av dei leiande i Gloppen tenkte seg nok at Jakob Hjelmeset kunne få arbeid ved skulen.

Amtsskulekommisjonen såg annleis på dette, truleg på grunn av Hjelmesets politiske radikalisme, og dei tilsette den teologiske kandidaten Oscar Schjøtt Revers som styrar for amtsskulen medan seminaristen Elias Melvær vart tilsett som andrelærar.

Fjordenes amtsskole vart delt alt etter eit år då det vart skipa ein amtsskule for Sunnfjord i Florø, så frå 1877 gjekk skulen under namnet Nordfjords amtsskole.

Den radikalismen som amtsskulekommisjonen unngjekk ved å velje bort Hjelmeset, kom Melvær til å stå føre dei 24 åra han var andrelærar ved skulen under skiftande styrarar. Utover i 1880-åra vart det ein strid mellom Gloppen kommune og Melvær som ville tilby elevar frivillig landsmålsopplæring på fritida. Det enda med at kommunestyret i 1886 trekte tilbake støtta til skulen (hus, lys og ved). Etter dette måtte amtsskulen flytte frå heradet, og frå 1886 til 1891 var skulen i Innvik.

I alt 780 elevar gjekk ved skulen 1876-91, 570 gutar og 210 jenter.

Styrarar:

Andrelærar var heile tida Elias Melvær.

Sunnfjord amtsskule i Florø og Førde 1877-1891

Alt året etter at skulen i Gloppen kom i gang, vedtok amtsskulekommisjonen for Fjordane å setje i gang Søndfjords amtsskole i Florø. Han flytte i 1886 til Førde og var der til 1891.

I alt 626 elevar gjekk ved skulen, 474 gutar og 152 jenter.

Styrarar:

Andrelærar var Elias M. Hole.

Felles amtsskule frå 1891

Amtsskulen for Sunnfjord i Førde vart lagt ned i 1891, og etter dette var det igjen ein felles Fjordenes amtsskole. Fyrste året var skulen i Innvik der amtsskulen for Nordfjord låg, men i 1892 flytte skulen til Florø i Sunnfjord.

I 1900 vedtok amtstinget ein ny skuleplan der teoretiske jordbruksfag og sløyd kom inn for gutane medan jentene fekk undervisning i husstell og matlaging. Dei særskilte jentekursa vart no avskaffa, og i staden vart det fellesundervisning for gutar og jenter.

Same året flytte skulen til Eid. Der kommunen hadde bygt nytt kommunelokale. Her var det plass til skulen, og kommunen bar òg utgiftene til lys, oppvarming og reinhald.

Då skulen flytte til Eid, slutta den markante andrelæraren gjennom 24 år, Elias Melvær. Men to år før Melvær slutta, hadde skulen fått ein ihuga målmann og radikal venstremann, Haakon Aasvejen som styrar. Han var òg den fyrste amtsskulestyraren i Nordre Bergenhus utan teologisk embetseksamen.

Med omdøypinga frå fylke til amt vart skulen kalla Fjordane fylkesskule. I 1920-åra vart det bygt eit nytt skulehus på Tingvoll på Myklebust, på folkemunne kalla Knoken. Her vart det bygt eit elevinternat i 1950-åra.

Styrarar:

Elias Melvær frå amtsskulen i Nordfjord heldt fram som andrelærar medan andrelæraren frå amtsskulen i Sunnfjord, Elias M. Hole, vart tredjelærar på den samanslegne skulen.

Fjordane folkehøgskule

Då fylkesskuleordninga vart lagt ned, vart skulen ført vidare som Fjordane folkehøgskule. Det gamle skulehuset frå 1920-åra brann i 1972, og eit nybygg for skulen stod klart på Myklebust året etter.

Kjelder og litteratur

  • Aasvejen, Haakon, og Rasmus Stauri. (1914). Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914. Kristiania: Kyrkjedepartementet, s. 43-44. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Aaland, Jacob. (1943). Gloppen-Breimn kommunesoga. 1838-1937. Sandane, s. 155-157. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Engesæter, Aage og Johs B. Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Samlaget. Oslo 1988, s. 84-86.