Storebru Landhandel
Hopp til navigering
Hopp til søk
Storebru Landhandel var ein landhandel i Eikefjord i noverande Kinn kommune.
I 1946 melder Elna Classon (f. 1920) at ho vil drive handel ved Storebru. Denne butikken låg ved vegen frå Storebru mot Endestad. Elna var dotter til Ole A. Eikefjord og søster til Anders Eikefjord som dreiv landhandel i Eikefjord sentrum på same tid. Storebru Landhandel selde kolonialvarer og hadde stoffutsalg. Elna Classon slutta med landhandelen då dei flytta frå Eikefjord på midten av 50-talet.
Mann til Elna, Harry, hadde møbelfabrikk i same tun som Elna dreiv butikk.
Sjå også
Kjelder
- Det Norske næringsliv. 14 : Sogn og Fjordane fylkesleksikon. Utg. Det norske næringslivs forl. Bergen. 1953. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Fylkesarkivet i Vestland.
- Opplysningar frå Bjørg Liseth.