Flora Historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Historielaget sin logo.

Flora Historielag er eit historielag i Flora i Kinn kommune. Laget vart skipa 28. mars 2001, og har frå same året gjeve ut årsskriftet Floraminne. I 2018 hadde historielaget 218 medlemmer.

Historikk

Ideen om å skipe eit historielag i Flora kom frå dåverande kultursjef Edvin Helgheim. Onsdag 28. mars 2001 møtte eit trettitals historieinteresserte personar på Flora Alderssenter. Historikarane Finn B. Førsund og Joar Stegane var innleiarar. Eit interimsstyre konstituerte seg etter påske: Jostein Midtbø, Turid Absalonsen Fimland, Grethe Stavø, Anders J. Moen, Harald J. Stavang, Bjørn Fjellheim, Odd Standal og Eli Bolette Høidal Tyvold. Dei utarbeide framlegg til vedtekter, og kalla inn til det første årsmøtet på kystmuseet 3. september 2001.

Her vart Harald J. Stavang vald til leiar, med Jostein Midtbø, Turid Absalonsen Fimland, Odd Standal og Eli Bolette Høidal Tyvold som styremedlemmer. Til skriftstyre vart valde, Bjørn Fjellheim, Anders J. Moen og John Aarønes. Laget hadde i 2018 kring 160 medlemer.

Føremål

  • å fremje interesse og kunnskap om lokalhistorie og ættegransking i (tidlegare) Flora kommune.
  • å vere ein pådrivar for at kulturminne skal bli tekne vare på i sitt opphavelege miljø.
  • å gje ut minst eit hefte årleg med lokalhistorisk stoff.
  • å arrangere møte, kurs og ekskursjonar eller stå bak andre tiltak som tener føremålet.
  • å vere ein pådrivar for å få gitt ut lokalhistoriske bøker i (tidlegare) Flora kommune.
  • å arbeide for elektronisk publisering av lokalhistorisk stoff.

Leiarar

  • Harald J Stavang 2001-2005
  • Jostein Midtbø 2006-2008
  • Øyvind Kleiven 2009-2011
  • Reidar Brandsberg 2012-

Publikasjonar

  • Floraminne, årleg hefte med lokalhistoriske artiklar.
  • Magnussen, Knut: Frå min barndom. Sjølvopplevd. Florø 2015.

Kjelder og litteratur

  • Floraminne 2001
  • Laget si heimeside
  • Opplysningar frå historielaget (Landslaget for lokalhistorie si kartlegging av sogelag 2019).