Hovland Fiskerute

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Butikken til Hovland Fiskerute ved vegen på Yste Hovland.

Hovland Fiskerute var eit omreisande fiskeutsal med basis i Eikefjord i Kinn kommune. Anton Hovland var ansvarleg for verksemda. Hovland selde først fisk frå kjellaren sin på Hovland. Han hadde lastebil for å hente fisk, men brukte den også til å køyre tønnestav. I 1955 starta han fiskebutikk saman med Gunnar Havn og Erik Dreyer Hovland på yste Hovland. No vart det også bygt fiskebutikk / garasje og ny bil vart kjøpt inn. Han kjøpte inn fisken i Florø. Denne fisken kom hovudsakleg frå Rognaldsvågen eller Måløy. Anton gav seg med fiskehandelen seint på 60-talet. Han var då godt over 70 år.

Stoppestader på Hovland fiskerute

Anton hadde faste fiskeruter med fiskebilen rundt om i Sunnfjord:

Anton hadde ikkje sertifikat så han leigde inn sjåfør og det var fleire som køyrde for han. Sonen Magnar Hovland køyrde ei stund fiskeruta etter han var ferdig med militæret.

Kjelder og litteratur

  • Magnar Hovland
  • Ulike avisoppslag hentet fra Nasjonalbibliotekets digitaliserte avissamling, nb.no - aviser