Hyen krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hyen krins er ein skulekrins i Gloppen kommune i Nordfjord.

Hyen var ein av dei fem skulekrinsane i Gloppen som vart oppretta etter skulefundasen i 1743. Det var lenge omgangsskule i krinsen. På grunn av størrelsen på krinsen, vart det etter kvart naudsynt å dele han. Austre Hyen vart til Gjengedal krins seinast 1869, medan Vestre Hyen omfatta området som med tida vart delt i krinsane Eimhjellen, Solheim og Røyrvik. Desse krinsane hadde sine eigne skulestader og skulehus.

I 1968 sto Hyen skule klar og elevane fra Gjengedal og Straume krins byrja der. Straume krins hadde tidlegare vore ein del av Nesjane krins. Etter kvart vert alle skulane i Hyendalane samla her. Unntaket var Solheim krins (også kjend som Vestre Hyen skule), som held ope til 2008 før dei siste borna vart flytta til Hyen skule.

Skulehus

Omgangsskule (1743 - 1898)

I omgangsskuletida har læraren reist rundt på ulike skulestader.

Lokale skulestader (1899 - 1968)

Gjengedal var den første av krinsane i Hyen som fekk eige skulehus. Eimhjellen skule vart bygd i 1915, mens Røyrvik truleg var sist ute då dei fekk skulehus i 1932. Sjå dei ulike krinsane for meir om skulestadane:

Hyen kombinerte skule (1968 -)

(Sjå Straume krins)

  • Bygeår: 1968

Skulen har også ein tilknytta idrettshall, bygd i 1975. Skulen har bibliotek, basseng, gymsal, kjøkken, musikk/formingsrom, sløydsal og naturfagrom. Ein barnehage vart bygd like ved skulen i 2011.

Lærarar

Ved den første skuleordninga i Gloppen kommune i 1743 var Hyefjorden og begge dalane ein krins med ein lærar Jens Olson Henden. Det viste seg at Hyen var eit så stort distrikt at det vart ordna slik at læraren skulle halde skule eit heilt år om gangen i kvar dal. Slik fekk Austredalen i Hyen (Gjengedal krins) skule berre annankvart år, men gjekk totalt like mange år som dei andre skulane i kommunen.

I 1850 var det framleis omgangsskule, og Jakob Jakobsen Eimhjellen var lærar.[1]

Fotnotar

  1. Lothe, Anders A.. Striden millom sokneprest Jørgen Meier Heffermehl og Skule-Jo. Kjømeistarboka etter Skule-Jo. Utg. Sogelaget. 1950. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder

Prenta kjelder

  • Lothe, Anders A.. Striden millom sokneprest Jørgen Meier Heffermehl og Skule-Jo. Kjømeistarboka etter Skule-Jo. Utg. Sogelaget. 1950. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1890-1927
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1927-1947
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1947-1957
  • Dagbok for Straume krins, Hyen framhaldsskule, Hyen krins, 1956-1969

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.73741081072799° N 5.91680608561164° Ø