Eimhjellen krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eimhjellen skule i 2016
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Eimhjellen krins er ein skulekrins i Gloppen kommune i Nordfjord.

Eimhjellen og Solheim krins var begge ein del av Hyen krins frå krinsreguleringa i 1860. Per Sandal skriv i Soga om Gloppen og Breim at læraren i 1874 søkte om å få dele Vestre Hyen i Eimhjellen og Solheim krinsar.[1] Krinsen var først omgangsskule der skulen vart flytta mellom stovene rundt om på gardane år for år. I 1915 fekk dei fastskule med eige skulehus.

Krinsen var i ein periode samla med Røyrvik krins. Skulestyret vedtok i 1928 at denne krinsen skulle deles igjen, slik at det vart skule i både Røyrvik og Eimhjellen.[2] Ein gong før 1977 har undervisning i krinsen opphørt.[3]

Skulehus

  • Byggeår: 1915
  • Fungerte som skule:
  • Anna bruksområde:

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Streng lærar

Elias Nilsson Eimhjellen, fødd 1905, fortel om læraren sin i boka Sogn og Fjordane i nær fortid: "Læraren vår var teoretisk god , men heldt ofsleg hard disiplin. Vi var ofte redde han. Leksene måtte puggast. Dei som ikkje kunne ramse dei ordrett fram, måtte sitje inne i friminutta å lese. Somme kunne sitje inne mest heile dagen - etter kvart fag ein ikkje greidde tilfredstillande. Sat ein uroleg i timen, eller ein høglydt "knis" kom fram, var det fram med hendene og slag med peikestokken."

"Pliktoppfyllande i si lærargjerning var han. Borna skulle lære leksene, og det kunne også krevje ekstra innsats av læraren. Ein gong dagen skulle avsluttast, let han berre 5 av dei 18 skuleborna sleppe heim att. Dei 13 andre hadde svikta stort under leksehøyringa den dagen og skulle sitje att i to timar å lese, medan han høyrde og såg på at dei tok lesinga alvorleg."

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Jens Olson Henden Heile Hyen (omgangsskule) 1743
Ola J. Sværen Solheim, Eimhjellen og Røyrvik 1882(?) 1886 Drog til Amerika og vart prest.[4]
Knut Abs. son Røset 1861 Solheim, Eimhjellen og Røyrvik 1886 1889 Omkom i båtvelt på Hyefjorden.[5]
Ola M. Ommedal 1862 Osmundnes, Solheim, Straume, Eimhjellen, Gjengedal 1890 1923
Samson Sande 1866 Gjengedal, Eimhjellen 1891 1893 Stord lærarskule 1891 Lærar i Gjengedal frå 1895[4]
Erik Aasebø 1844 Gjengedal 1893* 1896 Stord seminar 1869 Lærar i Årdal og Førde (Breim) 1886-1893.[4]
Lars Arnestad 1882 Solheim, Eimhjellen, Røyrvik, Nesjane 1903 (tidl. 1914) Lærar i Nesjane krins frå 1919.[4]
Jakob "Skule-Jakob" O. Ommedal 1893 Solheim, Eimhjellen, Røyrvik 1917 1960-talet Volda 1925
Marta Eimhjellen 1903 Eimhjellen 1931 (tidl. 1952) Volda 1925
Abraham Magnus Vereide 1902 Eimhjellen (hjelpelærar) 1928 Volda 1924
Torstein Eggum Eimhjellen (seinast 1937) (tidl. 1937)
Jakob Ommedal Eimhjellen (seinast 1953) (tidl. 1958)

Foto

Fotnotar

  1. Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947. Side 12.
  3. Firda 1977.05.21. 19770521. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Stavanger Amtstidende og Adresseavis 1889.07.01. 18890701. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sogn og Fjordane i nær fortid. Redigert av Olav Havro og Gunnhild Systad. 1986. Det norske samlaget.
  • Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Stavanger Amtstidende
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1927-1947
  • Skuleprotokoll for Eimhjellen krins, Solheim krins og Gjengedal krins, 1863-1892
  • Oversiktsprotokoll for Strømmen krins, Solheim krins, Gjengedal krins og Eimhjellen krins, 1892-1938
  • Hovudbok for Eimhjellen krins, 1928-1958
  • Skuleprotokoll for Solheim krins, Eimhjellen krins og Røyrvik krins, 1903-1968
  • Dagbok for Strømme krins, Solheim krins, Gjengedal krins og Eimhjellen krins, 1892-1931
  • Dagbok for Eimhjellen krins, 1928-1958
  • Dagbok for Solheim krins, Eimhjellen krins og Røyrvik krins, 1903-1923
  • Dagbok for Gjengedal krins, Straume krins, Eimhjellen krins, Solheim krins, Osmundnes krins og Husmannæs krins, 1889-1913

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.645012° N 5.815964° Ø