Skulehistorie i Gloppen
Skulehistorie i Gloppen skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Gloppen kommune si skulehistorie. Gloppen og Breim var ein kommune fram til 1886, då vart Breim skilt ut som eigen kommune. I 1964 vart Gloppen og Breim på ny ein kommune under kommunenamnet Gloppen. Framstillinga under vil presentere skulehistoria til Gloppen og Breim i to forskjellige bolkar, uavhengig av når dei var samla eller ikkje.
Skulefundasen 1743
I 1739 fekk Noreg si første skulelov. Den plikta skulegang for ungar frå 7-års alderen og fram til konfirmasjon. Det var soknepresten si oppgåve å organisere skulen i sine prestegjeld. I Gloppen var det sokneprest Gabriel Heiberg som organiserte skulesamskipnanden. Heiberg var ein ihuga skulemann og Gloppen var tidleg ute med skulegangen. Det var skulefundasen som låg til grunn for organiseringa av skulen, den fortalte korleis skulen skulle finansierast, kven som skulle gå på skulen, krinsinndeling m.m.
Fundasen sette skuleplikt for born i alderen 8-12 år. Kvart born skulle søkje skule 12 veker kvart år. Der skulle dei få opplæring i lesing, skriving, kristendomkunnskap, rekning og song. I Gloppen vart det skipa 5 skulekrinsar og i Breim vart det skipa 3. Kvar krins hadde to halvkrinsar som delte på læraren.
Gamle Gloppen kommune
Skulekrinsar i Gloppen
Skulekrinsar i Gloppen med ei eiga wiki-side:
Nordstranda:
- Vereide krins
- Austrheim krins (Nordstranda skule)
Sandane:
- Sandane krins
- Ryssdal krins (Vassenden)
- Mardal krins
- Rygg krins
- Gimmestad krins
- Sande krins
- Nesjane krins (Hestenes)
- Devik krins
- Osmundnes krins
Hyen:
- Hyen krins
- Straume krins
- Gjengedal krins
- Eimhjellen krins
- Røyrvik krins
- Solheim krins (Vestre Hyen skule)
- Hennebygda krins (sjå også Eid kommune)
- Lote krins (sjå også Eid kommune)
Krinsutvikling
Dei fem krinsane i Gloppen etter skulefundasen i 1743 var 1) Nordstranda, 2) Hyefjorden og Hyedalane, 3) Lote, Hennebygda og Hopland, 4) Gimmestad og 5) Holvik, Eide, Ryssdal, Søreide og Evebø.[1] Ei ny skulelov innførd i 1827 medførte ei nyordning av krinsane.[2] Den eldste møteboka etter skulestyret i Gloppen oppgir kva inndeling ein hadde i 1828. Ein hadde då skuledistrikt, som igjen var inndelt i fleire rodar. Ein lærar veksla dermed på å halde undervisning i dei ulike rodane i kvart distrikt.
Krinsregularinga 1828 ga følgande krinsar:[3]
- Nordstrandens distrikt
- 1. rode: Hjelmesæter, Andenes, Abildsæter, Nybø, Vereide, Aasebø, Rye, Føleijd og Tystad.
- 2. rode ("Fjelsbygdroden", "Berges rode"): Slagstad, Gloppestad, Skord, Aske, Alme, Vembesæter, Solem, Fjellestad, Berge og Engesæter.
- 3. rode ("Eidsroden", "Østrems rode"): Houge, Østrem, Hollevik, Eyde og Evebø.
- Næsje-Distriktet
- 1. rode: Devik, Quitnes, Hestenes, Ekenes, Skjerdal, Sikeystrand og Aarevig.
- 2. rode: Lothe, Lotsberg og Aasene.
- 3. rode: Ytre-, Indre- og Øvre Henden, Lahaug og Hopland.
- Hye-Distriktet
- 1. rode: Kleppenes, Osmundnæs, Holme, Aae, Stromme og Hope.
- 2. rode: Ommedal, Gjengdal, Miellem, Ronkleif og Rorvig.
- 3. rode (Vesterdal): Emiellen, Solem og Hiortesæter.
- Gimmestads sogn og skoledistrikt
- 1. rode: Rysdal, Søreide, Mardal, Fittie, Arnestad, Elvebakke, Gimmestad og Moen.
- 2. rode: Grov, Ryg, Ravnestad, Rosæter og Sande.
1743[1] | 1828 | 1838[4] | 1861[5] |
---|---|---|---|
Nordstranda | Nordstranda | Ytre Nordstranda | Ytre Nordstranda (Fastskulekrinsen) |
Indre Nordstranda | Indre Nordstranda og Fjellbygda (Austrheim) | ||
Hyefjorden og Hyedalene | Hye-distriktet | Hyen | Hyen (omgangsskule) |
Næsje-distriktet | Nesjane og Nordbygda | Nesjane (Eikenes, Kleppenes, Osmundnes og Straume) | |
Lote, Hennebygda og Hopland | Nordbygda, Hennebygda og Hopland | ||
Gimmestad | Gimmestad | Gimmestad | Gimmestad og Sande (Ramnestad) |
Holvik, Eide, Ryssdal, Søreide og Evebø | Sandane og Bukta (Mardal og Eide) |
Krinsreguleringa i 1861
I 1860 vart Lov om Almueskolevæsenet paa Landet vedteken. Her sto det mellom anna at "forsaavidt Bostederne ligge saa nær sammen, at Antal af mindst 30 skolepligtige Børn fra Hjemmet hver Dag kunne søge samme Skole, holdes denne i eget dertil opført eller leiet hensigtsmæssigt Locale"[6]. For skulene i Gloppen betød dette at ein nå for alvor måtte omstille seg frå omgangsskule til faste skulestader. Det vart også naudsynt med ei ny krinsinndeling, som vart vedteken i 1861.[7] Lova førte også til at ein i tidrommet 1863-1884 bygde skulehus i mange av krinsane.[8]
- Nesjane er oppgitt i 1861 å ha "skulestader på Eikenes, Kleppenes, Osmundnes og Straume"
- Gardane Skeistrand, Hammer, Årevik, Devik, Andenes og Hjelmeset lå såleis til at ein ikkje kunne sende borna til nokre av dei andre krinsane, men måtte ansette ein eigen hjelpelærar.[9][10]
- Ungane på Hopland vart overførte til Randabygda i Innvik kommune i 1863.
- Nesjane krins vart delt i 1884, så Straume vert eigen krins.
- År for oppretting av Skeistrand og Devik krins ?(TBA).
Krinsreguleringa i 1890
Med innføringa av dei nye skulelovane i 1889 vart det naudsynt å revidere skulekrinsane. Paragraf 3 i den nye lova sa at ein skulle etterstrebe "en hensigtsmæssig klasseinddeling". Dette betød at ein kunne dele større krinsar inn i småkrinsar der det var mogleg, men at på gardar eller bygder der talet på born var for lågt til å ha eigen skule, skulle desse leggjast til den krinsen som var mest hensiktsmessig med tanke på skuleveg.[11] I Gloppen valde ein å slå saman Gimmestad og Sande til Rygg krins. Eide krins vart på si side delt opp: Ryssdal (Vassenden) vart ny krins, mens resten av Eide vart til Sandane krins. Grensene for nokre krinsar vart også endra. Mellom anna vart gardene Hjelmesæter og Andenes lagt til Vereide krins, mens garden Gloppestad vart flytta frå Vereide til Austrheim krins. Skulestyret kom også med forslag om å slå saman Sandane og Mardal til ein krins, men dette vart ikkje gjenomført. Likeins foreslo skulestyret at Andenes/Devik krins og Skeistrand krins skulle slås saman med Nesjane krins. Kommunestyret i Gloppen kommune gjekk i mot dette forslaget og krinsane held fram som før. Solheim og Eimhjellen vart forsøkt slått saman til Hyen Vestredels krins, med skulestad på Eimhjellen,[12] men herradsstyret vedtok at dei tre krinsane skulle forbli ubrigda.[13]
- Straume krins (også kalla Hope krins) vart delt i 1895 og Osmundnes vart eigen krins, saman med Kleppenes.
- Eimhjellen krins og Solheim krins vart oppretta ca 1874, etter søknad frå læraren i Hyen.[5]
- I 1928 er bornetalet i Osmundnes krins lågt og synkande. Skulestyret vedtok derfor at krinsen skulle inndregast i Nesjane krins.
Etter 1945: Sentralisering og nedlegging
Etter krigen har det vore ei tendens til sentralisering og samling av skulane i Gloppen. Samanslåing av skuler i Gloppan har i regelen vært resultatet av ein blanding av få elevar og dårleg økonomi.
- Ryssdal krins vart nedlagd første halvdel av 50-talet. Elevane vart skyssa til Sandane skule.[14] Krinsen hadde då hatt få born, med berre fem elevar i 1953.[15]
- Elevane frå Kandal krins vart frå 1969 sendt til Sandane skule.[16] På 70-talet vart det gjort forsøk på å starte opp att skulen, uten at dette gjekk.[17]
- Undervisning i både Røyrvik krins og Eimhjellen krins var avslutta ein gong før 1979.[18] Alt i 1968/69 kom alle førsteklassingane i Røyrvik frå Solheim og Eimhjellen krins.[19]
- Mardal skule var vedteke nedlagd i 1995, og elevane vart send til Sandane skule. Det vart held i rådgivande avrøysting i krinsen om stenginga av skulen, kor 39 stemte mot og 23 for nedlegging av skulen.[20] Elevtalet var derimot så lite at då saka vart behandla i skulestyret, vart nedlegging vedteke med seks mot ein stemmer.[21]
- I 2000 vart det slutt for Nesjane krins. Skulen vart nedlagd og elevane sendt til Rygg krins.[22]
- Solheim krins (Vestre Hyen skule) vart halde ope til 2008. Etter dette har elevane gått på Hyen skule.[23] [24]
- På 2000-talet vart det klart at Gloppen kommune måtte spare 15 millionar kronar innan utgangen av 2011. Eit av tiltaka vart å leggje ned fleire mindre skular. I 2009 vart derfor Reed skule vart slege saman med Byrkjelo, Rygg vart slege saman med Sandane og Vereide krins slege saman med Austrheim skule.[25] Vereide-Austrheim-krinsen vart heitande Nordstranda skule.
I tillegg vert Lote krins flytta til Eid kommune i 1964.
1861 | 1869 | 1876 | 1884 | 1890 | 1895 | 1900 | 1910 | 1915 | 1922 | 1924 | 1928 | 1945 | 1964 | 1968 | 1970 | 1995 | 2000 | 2009 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Ytre Nordstranda (Fastskulen) | Vereide | Nordstranda | ||||||||||||||||
Indre Nordstranda og Fjellbygda | Austrheim | |||||||||||||||||
Hyen (omgangsskule) | Vestre Hyen | Solheim | Gjengedal | Solheim | Hyen | |||||||||||||
Eimhjellen | Røyrvik | Røyrvik (under Eimhjellen frå 1913) | Eimhjellen og Røyrvik | Røyrvik | Eimhjellen og Røyrvik(?) | |||||||||||||
Eimhjellen | Eimhjellen | Eimhjellen | ||||||||||||||||
Gjengedal | Gjengedal | Hyen | ||||||||||||||||
Nesjane | Nesjane | Straume (Hope) | Straume | |||||||||||||||
Osmundnes | Nesjane | Rygg | Sandane | |||||||||||||||
? | Skeistrand | Nesjane | ||||||||||||||||
Devik-Andenes | Devik | |||||||||||||||||
Nesjane | ||||||||||||||||||
Gimmestad og Sande | Gimmestad | Rygg | Rygg | |||||||||||||||
Sande | ||||||||||||||||||
Sandane og Bukta | Mardal | Sandane | ||||||||||||||||
Eide | Ryssdal | Sandane | Sandane | |||||||||||||||
Sandane | ||||||||||||||||||
Nesstranda og Årdalen (Breim) | Nesstranda (Breim) | Kandal (Breim) | ||||||||||||||||
Nordbygda og Hennebygda | Hennebygda/Lote | Lote (seinare i Eid kommune) | --> Eid kommune | |||||||||||||||
Hennebygda (seinare i Eid kommune) | ||||||||||||||||||
Hopland | --> Rand krins i Stryn frå 1863[26] |
Lærarar i Gloppen
Dei som vart lærarar etter skulefundasen i 1743 fekk fri for soldatteneste, noko fleire lokalhistorikarar pekar på som ein mogleg årsak til at ein fekk relativt god rekrutering til læraryrket til trass for dårleg løn. I byrjinga var det få krav til utdanning for lærarane. Det spegla seg truleg noko i korleis skuledrifta arta seg. Jacob Aaland skriv i Gloppen-Breim kommunesoga om ei innberetning til kommmunestyret i Gloppen frå kapellan R. Arnet om ståa i Gloppenskulen i 1838, kor det seies det at "for å få skulestellet her i betre gjenge, hadde det vore sers naudturvande å gjeva fleire av lærarane avskil med ein liten pensjon, då dei er gamle og langt ifrå maktar umbodet sitt"[9].
I Lov angaaende Almue-Skolevæsenet paa Landet (1827) sa paragraf 8 at det skulle opprettes lærarutdanningar:
Efterhaanden, som Oplysningsvæsenets Understøttelsesfonds Indtægter tillade det, skal der i Stiftstæderne, eller paa andre passende Steder, oprettes Læreanstalter, hvor der gives dem, der attraae at ansættes til Kirkesangere ved Hovedkirker, og til Lærere ved faste Skoler, en til deres bestemmelse passende Dannelse.[27]
Det næraste lærarseminar frå Gloppen var Stord seminar, seinare Stord lærarskule, oppretta i 1839. Voldens Privatseminarium (Volda lærarskule) vart grunnlagt i 1895. Mange av lærarane i Gloppen har fått si utdanning ved ei av desse to skulane.
Stillingane som lærar i Vereide krins ("Fastskulekrinsen") og Gimmestad krins var lenge knytta til jobben som kyrkjesongar i kyrkjene på Vereide og på Gimmestad.
Namn på lærarar er å finne i fleire lokalhistoriske verk og i bygdebøker. I arkivmaterialet finn ein også att lærarane; mange har signert skuleprotokollane sine i tillegg til at dei er omtala i møtebøkene etter skulestyret og tilsynsutvala i krinsane. Under finn du eit utval av lærarar i Gloppen før 1890, samt lærarar med ei eige side på lokalhistoriewiki. For lærarar tilsett etter 1890, sjå dei einskilde krinsane.
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Reinholdt Vibdorph | Gardane Holvik, Eide, Ryssdal, Søreide og Evebø (omgangsskule) | 1743 | ||||
Kristoffer Anderson Skjerdal | Nordstranda (omgangsskule) | 1743 | ||||
Jakob Jonson Henden | Lote, Hennebygda og Hopland (omgangsskule) | 1743 | ||||
Jon Larsson Rygg | Gimmestad sokn (omgangsskule) | |||||
Jens Olson Henden | Heile Hyen (omgangsskule) | 1743 | ||||
Anders Nilsson Skjerdal[9] | Nesjane | 1820 | 1839 | |||
Jon Jonsen [Østreim] Hyenes ("Skule-Jo") | 1805 | Ytre Nordstranden/Fastskulekrinsen, Gimmestad | 1829 | 1850 | Sjå avsnitt om "Konflikten mellom «Skule-Jo» og sokneprest Heffermehl". | |
Nils Samsonson Sandvik[9] | Gimmestad | 1829 | 1854 | Kyrkjesongar i Gimmestad. Far til lærar Abraham Sandvik. | ||
Jakob Jakobsen Eimhjellen ("Skule-Jakob"[28]) | Hyen | 1832 | 1854 | |||
Gullbranad Jensson Andenes (Hjelmeset)[9] | Indre Nordstrand | 1838 | 1860 | |||
Ola Josefson Hestenes | 1822 | Nesjane krins, Vereide krins | 1838 Nesjane krins, 1852 Vereide krins | 1890 | Prostprøve | |
Jørgen Petter Meldal[9] | Fastskulekrinsen (Vereide krins) | 1850 | 1852 | |||
Abraham N. Sandvik[9] | Gimmestad | 1854 | Son av lærar Nils Sandvik. | |||
Anders Lotsberg[9] | Nesjane | 1853 | Volda lågare lærarskule | |||
Anders Solheim | Hyen | 1855 | ||||
Ola Sørensen Nybø[9] | 1841 | Nordstrand (melombels), Gimmestad, Sande, Rygg | 1859 | 1902 | Volda lærarskule 1864 | |
Jens Kristensøn Arnestad | 1842 | 1861 | Volda lærarskule 1864 | |||
Endre Kristensøn Henden | 1838 | Austrheim krins | 1863 | 1891 | Volda lærarskule | |
Mons Rasmussøn Rye | 1858 | 1882 | Stord lærarskule 1881 | |||
Hans Edvard Hansson Skram | 1856 | Sandane, Austrheim, Vereide | 1884 (Sandane og Austrheim 1891, Vereide 1894) | 1894 | Stord lærarskule 1882 | |
Jens Jakobsøn Lote | 1863 | 1884 | Stord lærarskule 1884 | |||
Ole Mathias Øisteinssøn Ommedal | 1862 | 1889 | Kristiansands seminar 1883 | |||
Jøri Marta Martinusdatter Dobak | 1868[29] | Austrheim, Sandane | 1891 | 1905 | Lærarinneprøve i Bergen 1890 | (Truleg) den førstre kvinna som fekk lærarpost i Gloppen.[30] |
Samson Sande | 1866 | Gjengedal | 1892 | 1936 | Stord lærerskole 1891 | |
Knut Gjengedal | 1900 | Gjengedal | 1936 | 1967 | Volda lærarskule 1922-25. |
Konflikten mellom «Skule-Jo» og sokneprest Heffermehl[28]
Jørgen Meier Heffermehl (1805 – 1879) var sokneprest i Gloppen frå 1843 til 1866. Heffermehl var også ordførar i periodane 1848-1851 og 1856-1865. Både som sokneprest og ordførar hadde han mykje med skulen å gjere i desse åra. Kring 1850 kom Heffermehl i konflikt med Jon Jonsen Hyenes (1805-1884), også kjend som «Skule-Jo». Skule-Jo vart først lærar for omgangsskulen i den ytre delen av Nordstranda skuledistrikt i 1829. Sidan var han mellom anna lærar og kyrkjesongar i Gimmestad nokre år, før han vart lærar og kyrkjesongar i Fastskulekrinsen (Vereide krins).
Skule-Jo og mange av dei rundt han var haugianarar, og kom mot slutten av 1840-talet på kant med presten. Nokre meinte at Heffermehl pressa bøndene for pengar i form av avgiftar. Det vart også sagt at han hadde avvist dåpsbarn og folk som kom til nattverd. I valet 1850 vart Skule-Jo vald til valmann over Heffermehl, med 130 stemmar mot 3. Etter dette fekk Heffermehl fekk med seg prosten til å avsette Skule-Jo frå stillinga si som kyrkjesongar og lærar. Årsaka som vart oppgitt var eit tilhøve kor Skule-Jo hadde forstyrra ein auksjon, og ei sak kor han hadde skreve under på eit dokument med lærar Jakob Jakobsen Eimhjellen ("Skule-Jakob") sitt namn utan Eimhjellen si medvit. Bygdefolket var ikkje nøgde med framferda til Heffermehl, og sende ei klage på han til biskopen. Heffermehl gjekk på si side til motklage. Søksmålet mellom Skule-Jo og Heffermehl fekk mykje merksamd lokalt, og kyrkjesongaren såleis ry på seg som ein talsmann for bygdefolket. Saka gjekk heilt til Høgsterett, kor Heffermehl vann i 1858. Dette fekk store økonomiske konsekvensar for Skule-Jo, som vart dømd til å betale bot og kostnadar.
Til å fylle posten vart Jørgen Petter Meldal tilsett som lærar og kyrkjesongar. Stillinga vart lyst ut i bergensavisa Bergens Adressecontoirs Efterretninger, og Meldal kom dermed flyttande frå Luster for å ta stillinga. Bygdefolket, som hadde teke Skule-Jo si side i konflikta med Heffermehl, skal ha gitt han ei heller kald mottakelse. Han vart berre i Gloppen til 1852, då han reiste til Bergen.[32]
Målrørsla
Anders Lothe skriv i Målreisingssoga i Sogn og Fjordane at "Gloppen kom tidleg og sterkt med i målrørsla"[33]. Fleire av lærarane var sterkt for målsaka; Lothe trekk mellom anna fram Gudbrand Henden, Jon Henden, Ola Sande og Jakob Lothe. Gloppens Mållag sende i 1905 eit framlegg til skulestyret i Gloppen om at Austlids Lesebok (på landsmål) måtte verte teke i bruk som lesebok i skulene i Gloppen. Skulestyret sende dette videre til krinsane med spørsmål om kva hovudmål dei ville nytte. Det nye hovudmålet var innførd frå hausten 1906 i dei krinsane som ønska det. I 1913 vedtok skulestyret at møteboka skulle førast på nynorsk. Sandane vart siste krinsen til å bytte målform i 1916.[33]
Gamle Breim Kommune
Eigen kommune frå 1886 til 1964.
Skulekrinsar i Breim
- Reed krins
- Høygardane (Dale) krins
- Årdal krins (Breim)
- Bjørnarheim krins
- Hole krins
- Myklebust krins (Gloppen)
- Sandal krins
- Gåsemyr krins
- Teita krins
- Bergheim krins
- Byrkjelo krins
- Nesstranda krins
- Kandal krins
- Førde krins (Breim)
Krinsutvikling
Dei tre krinsane i Breim etter skulefundasen i 1743 var 1) Høgebygden (Bygdekrinsen), 2) Myklebustdalen og Eggedalen (Dalakrinsen) og 3) Nesstranda og Årdalen.[1] Ei ny skulelov i 1827 medførte ei nyordning av krinsane.[2] Den eldste møteboka etter skulestyret i Gloppen oppgir kva inndeling ein hadde i 1828.[3] Ein hadde då skuledistrikt, som igjen var inndelt i fleire rodar. Ein lærar veksla dermed på å halde undervisning i dei ulike rodane i kvart distrikt.
Krinsane frå 1828 var:
- Byden:
- 1. rode: Hundskard, Dahle, Kaale, Qvile, Stensager, Saarem og Hetle.
- 2. rode: Skindlo, Øvresæter, Sætre, Hole og Felle.
- 3. rode: Moldestad, Kleppe, Hollereyde, Hølo, Skrenne, Jordanger og Reed
- Dalerne:
- 1. rode: Møklebust, Kapperstad, Fossem, Sandal og Trorem.
- 2. rode: Støve, Bjørnereim, Bjørkelo, Berjem og Teite.
- 3. rode: Jelle, Strand, Gaasemyr og Egge.
- Næsstranden med Aardalen og Raadeleden
- 1. rode (Raadeleden): Stokke, Høylo, Bøe, Raad og Seime.
- 2. rode (Aardalen): Frøystad, Bogstad (og inn til Førde?)
- 3. rode (Næsstranden): Møkland, Ryg, Indre-Kandal, Midt-Kandal, Skarsteen, Ytre-Kandal og Næs.
1743 | 1828 | 1845 | 1861 | 1869 | 1884 | 1890 | 1900 | 1910 | 1915 | 1922 | 1924 | 1928 | 1950-talet | 1964 | 1968 | 1970 | 2009 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Dalakrinsen | Dalerne | Myklebustdalen | Myklebust / Bjørnareimkrinsen | Myklebust | Sandal | Myklebust | Breim | Breim | |||||||||
Myklebust | |||||||||||||||||
Eggedalen | Eggedal- / Bjørkelokrinsen | Gaasemyr (Krins A) | Gåsemyr | Bergheim | |||||||||||||
Teiten (Krins B) | Teiten | ||||||||||||||||
Hole / Sætre | Hole | ||||||||||||||||
Bjørnarheim | |||||||||||||||||
Høgebygden | Bygden | Bygda- / Rekrinsen | Høygardane (Dale) | Reed | Reed | ||||||||||||
Reed | |||||||||||||||||
Nesstranda og Årdalen | Næsstranden med Aardalen og Raadalen | Årdal | Årdal | Årdal | |||||||||||||
Førde | Førde | --> Jølster kommune | |||||||||||||||
Nesstranda | Nesstranda (Skarstein) | Nesstranda | Kandal | Sandane (Gloppen) | |||||||||||||
Kandal |
Med den nye krinsreguleringa i 1861, oppsto den krinsinndelinga som i stor grad vart gjeldande fram til ein begynte å slå saman skular på 60- og 70-talet. Kring 1890 vart Nesstranda (Skarstein skule) delt, slik at Kandal vart eigen krins. Førde krins vart lagt under Årdal krins i 1910, då skulestyret konkluderte med at talet på born var for lågt.[34]
- Høygardane (Dale) krins vart slegen saman med Reed krins i 1949.
- I 1964 vart Årdal krins slegen saman med Reed, mens Førde krins vart ein del av Jølster kommune.
- På 2000-talet vart det klart at Gloppen kommune måtte spare 15 millionar kronar innan utgangen av 2011. Eit av tiltaka vart å leggje ned fleire mindre skular. I 2009 vart derfor Reed skule vart slege saman med Byrkjelo.[25]
Lærarar i Breim
For lærarar tilsett etter 1890, sjå dei einskilde krinsane.
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Jon Bjørkelo | Høygardane (omgangsskule) | 1743 | ||||
Peder Olson Bergheim | Myklebustdalen og Eggedalen (omgangsskule) | 1743 | ||||
Rasmus Raad | Årdal og Nesstrand (omgangsskule) | 1743 | ||||
Anders Kristenson Mardal | 1784 | Nessestrand, Årdal og Førde (omgangskule) | Truleg 1801/1802 | 1841 | Klokkar og skulehaldar i 40 år. Drukna i Breimsvatnet ved Årdalsstranda 1841. | |
Nils Jonson Myklebust[9] | Dalekrinsen, Myklebust | 1818 | 1839 | |||
Rasmus Larsson Hole (Gåsemyr)[9] | 1806[35] | Bygdekrinsen, Nesstrand | 1831 | 1840 | Bror av lærar Lars Hole. | |
Lars Larsson Hole[9] | 1821[35] | Bygdekrinsen | 1846 | (seinast 1852) | Stord seminar 1844 | Bror av lærar Rasmus (Hole) Gåsemyr. |
Lars R. Gåsemyr[9] | 1832 | Bygdekrinsen, Nesstrand, Reed | Nesstrand (1849-51), Reed (1854-) | Stord seminar 1852 | Brorson av lærar Rasmus Hole. | |
Gabriel Jørgenson Hauge | Bygdekrinsen | |||||
Anders Torbjørnsson Teiten (Steinsåker)[9] | Bygdekrinsen, Eggedal | 1846 | ||||
Nils R. Bogstad[9] | Eggedalen, Myklebust | 1845 | ||||
Peder R. Torheim[9] | Nesstrand | 1846 | 1848 | |||
Arne Steinsåker[9] | Nesstrand | 1851 | 1858 | |||
Torbjørn Olson Teiten[9] | Nesstrand | 1858 | Brorson til lærar Anders Teiten Steinsåker. | |||
Per Felde | Bjørnareim | 1865 | 1890 | |||
Gabriel Reed d.e. | Høygardane, Nesstranda | 1865 | 1882 | |||
Mons Rye | Høygardane, Nesstranda | 1882 | 1887 | |||
Gudbrand Andersøn Henden | 1866 | Nessestrand og Sandane (Gloppen) | Nessestrand krins 1887-1894 og Sandane krins (Gloppen) 1894 | 1927 | Stord lærerskole 1886 | |
Gabriel G. Reed[35] | 1869 | Myklebust, Reed | Myklebust (?), Reed (1892-1925) | 1925 | Hamar lærarskule 1889 |
Framhaldsskule
Firda Gymnas vart stifta i 1922.
Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1978. Digital versjon på Nettbiblioteket. Side 584-592.
- ↑ 2,0 2,1 Skoleloven 1827
- ↑ 3,0 3,1 Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890. Side 2-3.
- ↑ Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjon på Nettbiblioteket. Side 108-109.
- ↑ 5,0 5,1 Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjon på Nettbiblioteket. Side 480.
- ↑ Lov om Almueskolevæsenet paa Landet (1860)
- ↑ Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890. Side 37-38.
- ↑ Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ 9,00 9,01 9,02 9,03 9,04 9,05 9,06 9,07 9,08 9,09 9,10 9,11 9,12 9,13 9,14 9,15 9,16 9,17 Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. 1943. Digital versjon på Nettbiblioteket. Side 79-169.
- ↑ Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890. Side 38.
- ↑ Lov om Folkeskolen paa Landet, dat. 26de Juni. (1889)
- ↑ Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1890-1927. Side 4-6.
- ↑ Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. 1943. Digital versjon på Nettbiblioteket. Side 115.
- ↑ Møtebok for skulestyret i Gloppen kommune, 1947-1957
- ↑ Firdaposten 1953.08.21. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Firda 1969.06.03. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Firda 1980.02.19. Digital versjon på Nettbiblioteket
- ↑ Firdaposten 1979.12.20. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Firda 1968.08.06. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Firda 1995.06.10. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Sogn avis 1995.06.19. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Firda 2000.02.29. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Firda 2007.12.19. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Wikipedia: Vestre Hyen skole
- ↑ 25,0 25,1 Firda 2009.01.09. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Lov angaaende Almue-Skolevæsenet paa Landet
- ↑ 28,0 28,1 Lothe, Anders A.. Striden millom sokneprest Jørgen Meier Heffermehl og Skule-Jo. Kjømeistarboka etter Skule-Jo. Utg. Sogelaget. 1950. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037366002491
- ↑ Jul i Nordfjord. no. 2021. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Bergens Adressecontoirs Efterretninger 1850.10.09. Digital versjon på Nettbiblioteket
- ↑ Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ 33,0 33,1 Lothe, Anders A.. Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Utg. Firda lærarlag. 1950. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Møtebok for skulestyret i Breim, 1902-1926. Side 32-33.
- ↑ 35,0 35,1 35,2 Breim kyrkje 100 år 9. juli 1986. Utg. Soknerådet. 1986. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane. (Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1978. Digital versjon på Nettbiblioteket.)
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane. (Soga om Gloppen og Breim. Utg. Banken. no. 1979. Digital versjon på Nettbiblioteket.)
- Lothe, Anders A.. Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Utg. Firda lærarlag. 1950. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Lothe, Anders A.. Striden millom sokneprest Jørgen Meier Heffermehl og Skule-Jo. Kjømeistarboka etter Skule-Jo. Utg. Sogelaget. 1950. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. 1943. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Breim kyrkje 100 år 9. juli 1986. Utg. Soknerådet. 1986. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- "Kvinnelege pionerar i læraryrket i Gloppen" i Jul i Nordfjord. no. 2021. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905 Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
- Sogn Avis
- Firdaposten
- Avisa Firda
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1890-1927
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1927-1947
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1947-1957
- Møtebok for skulestyret i Breim, 1845-1899
- Møtebok for skulestyret i Breim, 1890-1902
- Møtebok for skulestyret i Breim, 1902-1926
- Møtebok for skulestyret i Breim, 1926-1961
- Møtebok for skulestyret i Breim, 1961-1963
- Autorisert protokoll for Nordstrandens skuledistrikt (Indre Nordstranden), 1830-1845
- Extrakt-protkoll for Indre Nordstranden og Austrheim krins, 1845-1915
Digitale kjelder
- Lov angaaende Almue-Skolevæsenet paa Landet. (1827)
- Lov om Almueskolevæsenet paa Landet (1860)
- Lov om Folkeskolen paa Landet, dat. 26de Juni. (1889)
- Digitalarkivet.no
- Kan det ikkje byggjast på det rette vi gjorde og lærast av det vrange? Attersyn på ein lang arbeidsdag i Stortinget. Samtale med Jakob Lothe.. NRK (the Norwegian Broadcasting Corporation). 19690413. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Skulehistorie i Gloppen er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid! Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no. |