Austrheim krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordstranda skule.
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Austrheim krins i Gloppen kommune ligg på nordsida av Gloppefjorden. Krinsen var fram til omlag 1869 kjend som Indre Nordstranda, eller Indre Nordstranda og Fjellbygda. I 2009 vart Austreim krins slått saman med Vereide krins. I dag heiter skulen Nordstranda skule.

Skulehus

Gul sperrestove med torvtak.
Austrheim skule. Står i dag på Nordfjord folkemuseum. Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Omgangsskulen

Før Austrheim skule vart bygd i 1863, var det omgangsskule i krinsen. I krinsreguleringa i 1861 er det bestemt at skulen i Fjellbygda skulle haldast halve tida på Solheim og halve tida på Berge.[1]

Austrheim skule (1)

Austrheim skule (2)

  • Byggeår: 1906
  • Fungerte som skule:
  • Anna bruksområde:

Austrheim skule (3)

Nordstranda skule (4)

  • Byggeår: 1989
  • Fungerte som skule:
  • Anna bruksområde: I 2009 vart Austreim krins slått saman med Vereide krins. I dag heiter skulen Nordstranda skule.

Skuledagen

Gruppe born og nokre vaksne forran eit skulehus.
Lærarar og elevar ved Austrheim skule i Gloppen hausten 1934. Namneliste finnast hos Fylkesarkivet i Vestand. Lærarar Eli Glomnes (til venstre) og Ola Sande (til høgre) synast bakerst i gruppa. Foto: Olav Sande / Fylkesarkivet i Vestland.


I 1917 feira ein 400-årsjubileet for reformasjonen med fest for skuleborn og foreldre. Her deltok born frå skulane Sandane, Austrheim, Ryssdal og Mardal. Fleire av lærarane held talar om Luther, reformasjonen og anna. Lærar Gudbrand Henden skildra festen i skuleprotokollen for Sandane:

Den 1ste november vart det halde reformasjonsfest – 400aarsf. for Luthers reformasjon – i Vanheim for Austrheim, Sandane, Ryssdals og Mardals krinsar. Den var halden som korgefest for skuleborni og foreldri – med tilgjengi for andre – inngangspengar 10 øre med serskild betaling for mat. Lærar[?] Solheim[?] tala um Luthers ungdomsaar. Gudbrand Henden: Luther som reformator – Worms – Magnhild Ha[??]: Luther i heimen, Ola Sande: reformasjonen i Noreg, Kristiane Lotsberg: Hans Nilsen Hauge. Paa festen var umk. 200 born og 120-30 vaksne. Den var sers hugnadsam og slutta burtimot kl.10. [2]

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Endre M. Kr. Henden 1838 Austrheim, Sandane 1863 1891 Volda lærarskule 1864
Hans Edvard Hansson Skram 1856 Sandane, Austrheim, Vereide 1884 (Sandane og Austrheim 1891) 1894 Stord lærerskole 1882 Frå 1894 lærar i Vereide krins.
Jøri Marta Martinusdatter Dobak 1868[3] Austrheim, Sandane 1891 1905 Lærarinneprøve i Bergen 1890 (Truleg) den førstre kvinna som fekk lærarpost i Gloppen.[4]
Gudbrand Henden 1866 Austrheim, Sandane 1894 1927 Stord lærarskule (1886) Lærar i Nessestrand krins (Breim) 1887-1894.
Anna Tystad 1884 Austrheim og Sandane (småskulen) 1905 Volda lærarskule 1904
Ola Sande 1877 Austrheim krins 1905 (tidl. 1942) Volda lærarskule 1898
Eli (født Vereide) Glomnes 1884 Småskulen Vereide og Austreim krinsar 1916 Stord lærerskole 1904
Einar Austrheim Austrheim (seinast 1942) (tidl. 1956)
Bergit Aasebø Austrheim og Vereide (seinast 1947)
Ingeborg Austrheim Austrheim (seinast 1949)
Sigrun Hauge Austrheim (seinast 1951)
Emmely Myklebust Sande Mardal, Austrheim, Rygg (seinast 1956)
Helga Skrivarvik Mardal, Austrheim (seinast 1965)

Foto

Fotnotar

  1. Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. no#. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Dagbok for Sandane krins og Austreim krins, 1903-1926.
  3. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037366002491
  4. Jul i Nordfjord. no. 2021. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978): Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Sandal, Per (1979): Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Aaland, Jacob. Gloppen-Breimn kommunesoga. Utg. [s.n.]. no#. 1943. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Jul i Nordfjord. no. 2021. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905.
  • Forhandlingsprotokoll for Tilsynsutvalet i Østrems Kreds, 1890-1930
  • Oversigtsprotokoll for Austreim krins og Sandane krins, 1892-1918
  • Skuleprotokoll for Austreim krins og Fjellestad krins, 1863-1891
  • Skuleprotokoll for Sandane krins og Austreim krins, 1902-1935
  • Avgangsvitnemål-protokoll for Austreim, 1947-1969
  • Dagbok for Austreim krins og Sandane krins, 1879-1902
  • Dagsjournal for Austreim krins og Sandane krins, 1892-1911
  • Dagbok for Austreim skule, 1912-1956
  • Dagbok for Sandane krins og Austreim krins, 1903-1926
  • Dagbok for Vereide krins og Austrheim krins, 1916-1966
  • Skuleprotokoll for Vereide krins og Austrheim krins, 1941-1955, 1965-1970, 1976-1986

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.788610° N 6.191159° Ø