Austrheim skule (1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Austrheim skule.
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Astrheim skule i gamle indre Nordstranda krins i Gloppen kommune. Indre Nordstranda og Fjellbygda var eigen skulekrins frå 1938. I 1870 vart ungane frå Sandane flytta til Austrheim. I 1891 vart Sandane på ny eigen krins. I 1890 vart Gloppestad overført frå Vereide krins.


Skulehuset

Skulehuset på Austrheim er eit av dei fyste skulehusa som vart bygd i kommunen. Bygget vart bygd etter teikningar som var lånt ut frå departementet. Skulen er ei sperrestove med gang, skulestove, eit lite kammers til læraren og eit lite loft. I gangen er det ei grue, og i skulestove står det ein jarnomn. Skulehuset var i bruk fram til 1910.

I 1919 vart skulehuset tatt ned og sett opp på museumsområdet til Nordfjord folkemuseum på Åsen. Museet bytta etter kvart lokasjon til Jølet der det ligg i dag. Austrheim skulehus vart sett opp i Jølet i 1961.


Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905.


Koordinater: 61.786002° N 6.197996° Ø