Mardal krins
Mardal krins i Gloppen kommune. Skulestad har vore både på Søreide og Mardal. Krinsen vart gjerne nemnt for Bukta krins.
I 1838 var Mardal krins ein del av 1. rode for Gimmestad skuledistrikt. Roden inneheldt gardane Ryssdal, Søreide, Mardal, Fitje, Arnestad, Elvebakke, Gimmestad og Moen. Etter krinsreguleringa i 1861 bestod Mardal krins av gardane Ryssdal, Søreide, Mardal og Fitje. I 1890 kom ei ny krinsregulering der Ryssdal vart skilt ut som eigen krins.
Det kom forslag om å leggje Mardal til Sandane krins i fleire omgangar, mellom anna i 1890 og 1962, 1964.
I 1969 vert Mardal skule ein såkalla "småskulekrins". Dei tre fyrste årskulla heldt fram med å gå på skule i Mardal, mens dei eldre elevane vart overførde til Sandane. Eit forslag om å tilbakeføre dei eldre årstrinna til Mardal kom opp i 1977, men ein held fram med ordninga frå 1969.[1] Eit nytt forsøk på å leggje ned krinsen kom i 1991, men forslaget vart vraka av kommunuestyret.[2]
Heile krinsen vart lagd til Sandane skule i 1995.[3]
Skulehus
Mardal skule (1865-1924)
- Byggeår: 1865
- Fungerte som skule:
- Anna bruksområde:
I 1916 var det gjort vedtak på krinsmøte om å leggje inn elektisk ljos i skulehuset.[1]
Mardal skule (2)
- Byggeår: 1924
- Fungerte som skule: 1924-1995
- Anna bruksområde: Bygdahus/forsamlingslokale
På eit krinsmøte i desember 1922 vart det einrøystes vedtak om å søkje om å få nytt skulehus på Mardal. Nytt hus vart bygt i 1924. Prisen på det nye skulehuset endte på 31 412, 71 kr.[1] Skulehuset fekk innlagd vatn i 1926.[1] I 1937 vart det igangsett oppussing av skulehuset. To år før, hadde ein også merka seg at katetret og skulepultane var frå 1898 og også hadde behov for opppussing.[1]
Skuledagen
Innføring av landsmål
Spørsmålet om målform vart reist i 1902, då det kom forslag til krinsmøtet i Mardal om å ta i bruk lærebøker i bibelhistorie og a-b-c på landsmål. Den gongen valde krinsen å avslå dette, men i 1906 kom målspørsmålet opp på ny. Då var eit fleirtal i krinsen for å ta i bruk landsmål som hovudmål for skulen. Reidar Mardal merka seg i sitt jubileumsskrift (1984) at det den første innføringa i krinsens møteprotokoll på landmål er frå desember 1912.
Reformasjonsjubileet i 1917
I 1917 feira ein 400-årsjubileet for reformasjonen med fest for skuleborn og foreldre. Her deltok born frå skulane Sandane, Austrheim, Ryssdal og Mardal. Fleire av lærarane held talar om Luther, reformasjonen og anna. Lærar Gudbrand Henden skildra festen i skuleprotokollen for Sandane:
Den 1ste november vart det halde reformasjonsfest – 400aarsf. for Luthers reformasjon – i Vanheim for Austrheim, Sandane, Ryssdals og Mardals krinsar. Den var halden som korgefest for skuleborni og foreldri – med tilgjengi for andre – inngangspengar 10 øre med serskild betaling for mat. Lærar[?] Solheim[?] tala um Luthers ungdomsaar. Gudbrand Henden: Luther som reformator – Worms – Magnhild Ha[??]: Luther i heimen, Ola Sande: reformasjonen i Noreg, Kristiane Lotsberg: Hans Nilsen Hauge. Paa festen var umk. 200 born og 120-30 vaksne. Den var sers hugnadsam og slutta burtimot kl.10. [4]
Skulevegen
Først i 1984 fekk ein veglys ved skulen. Då var omsynet til skuleborn og eldre nokre av argumenta for at skulen skulle prioriterast.[5]
Lærarar
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Jens K. Arnestad | Søreide, Mardal, Ryssdal | (seinast 1865) | 1905 | Volda lærarskule | "Flytte" med skulen frå Søreide, var lærar på Mardal til han slutta i 1905.[1] | |
M. A. Kjørvik | Mardal, Ryssdal | (1906?) | (1906?) | |||
Lasse Kristenson Solheim | Mardal, Ryssdal | 1905 | 1944 | |||
Magdeli Lothe | Mardal | 1936 | Namnet også skrevet "Magdalena Lote" nokre stader. | |||
Else Djuvstein | Mardal | 1941 | 1951 | Var lærar i Mardal i tre periodar: 1941-43, 1945-47 og 1948-51. | ||
Emely Myklebust Sande | Mardal, Austrheim, Rygg | 1943 | 1944 | Seinare lærar i Austrheim krins.[6] | ||
Ragnar Rygg | Mardal | 1944 | 1946 | |||
Asbjørn Tonning | Mardal, Ryssdal, Sandane | 1946 | 1959 | Vart lærar på Sandane skule frå 1959.[1] | ||
Malena Sande | Mardal | |||||
Oddrun Aaland | Mardal | 1947 | 1948 | |||
Solfrid Hopland | Mardal | 1951 | 1952 | |||
Sigrun Hauge | Mardal | 1953 | 1955 | |||
Olaf Ødven | Mardal | 1955 (Før jul) | ||||
Olina Andenes | Mardal | 1955 (Før jul) | ||||
Helga Skrivervik | Mardal, Austrheim[6] | 1956 | 1965 | Lærar i to periodar: 1956-62 og 1963-65 | ||
Målfrid Glomnes | Mardal | 6/2 1957 | (ut skuleåret) | |||
Helga Berit Eldevik | Mardal | 1962 | 1963 | |||
Kari Ese Stavøstrand | Mardal | 1965 | 1966 | |||
Inger-Åse Bieltvedt | Mardal | 1966 (Før jul) | ||||
Eldbjørg Kaldestad | Mardal | 1967 (Etter jul) | ||||
Jorid Henden Mundal | Mardal | 1967 | 1972 | Lærar i to periodar: 1967-68 og 1969-72 | ||
Karin Glæstad | Mardal | 1968 | 1969 | |||
Gerd Sande | Mardal | 1972 | 1976 | |||
Aase Karin Mardal | Mardal | 1974 | Var framleis lærar på Mardal skule i 1984.[1] | |||
Karen Sofie Berdal | Mardal | 1981 |
Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Mardal, Reidar (1984) Mardal skulekrins 100 år.
- ↑ Firda 1991.12.18. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ 'Sogn avis 1995.06.19. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ Dagbok for Sandane krins og Austreim krins, 1903-1926.
- ↑ Firda 1984.01.25. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ 6,0 6,1 Dagbok for Vereide krins og Austrheim krins, 1916-1966
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Mardal, Reidar (1984) Mardal skulekrins 100 år.
- Sogn Avis
- Avisa Firda
- Firda tidend
- Fjordabladet
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1890-1927
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1927-1947
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1947-1957
- Skuleprotokoll for Mardal krins og Ryssdal krins, 1910-1928
- Hovudbok for Mardal krins, 1928-1971
- Dagbok for Mardal krins og Ryssdal krins, 1893-1909
- Dagbok for Mardal krins og Ryssdal krins, 1910-1947
- Dagbok for Vereide krins og Austrheim krins, 1916-1966
- Dagbok for Søreide (Mardal) krins, Eide krins og Ryssdal krins, 1875-1892
- Dagsjournal for Søreide krins og Eide krins, 1863-1874
- Skuleprotokoll for Søreide (Mardal) krins, Eide krins og Ryssdal krins, 1881-1909
- Skuleprotokoll for Søreide krins og Eide krins, 1863-1880