Rygg krins (Gloppen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rygg skule 1937-2009.
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Rygg krins i Gloppen kommune vart oppretta under krinsreguleringa i 1890. Då vart Gimmestad krins og Sande krins slege saman til Rygg krins. Det skulle byggast nytt skulehus for 3-delt skule på Rygg. Krinsen famna om gardane Gimmestad, Arnestad, Moane, Grov, Rygg, Sande, Ravnestad og Rauset.

I 2000 vart Nesjane krins lagt ned og elevane sendt til Rygg skule.

I 2009 vart Rygg krins lagt ned og elevane sendt til Sandane krins.

Skulehus

Rygg skule (1)

  • Byggeår: 1892
  • Fungerte som skule:
  • Anna bruksområde: Seld til Vereide ungdomslag og flytta til Vereide.

Rygg skule (2)

  • Byggeår: 1937
  • Fungerte som skule: 1937-2009 (?)
  • Anna bruksområde: Skulen lagt ned i 2009 og elevane vart flytta til Sandane skule.

Skuledagen

På 1950- og 60-talet er det notert fleire turdagar og skuleturar i skuledagboka for Rygg krins. I periodar har skulen hatt årlege skidagar på Utvikfjellet. Det har også vore skuleturar gjennom Hestedalen, og besøk til "Russehola". Nokre av skuleturane på 60-talet er gjort saman med elevar frå Sandane skule.

Lærarar

Kyrkjesongarposten ved Gimmestad kyrkje låg ei tid til lærarstilinga ved Rygg skule.

Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Ola S. Nybø 1841 Nordstrand (melombels), Gimmestad, Sande, Rygg 1860 1902 Volda lærarskule (1864)
Jøri Marta Martinusdatter Dobak 1868[1] Austrheim, Sandane, Rygg (småskulen) 1894 (Rygg)* 1905 Lærarinneprøve i Bergen 1890 (Truleg) den førstre kvinna som fekk lærarpost i Gloppen.[2]
Anders Matias S. Heien 8. aug. 1876 Nesjane og Skeistrand, Rygg 1902 Volda lærarskule (1898) Tidlegare lærar i Nesjane krins (1898-1902). Også kyrkjesongar i Gimmestad kyrkje.
Magdalena M. Lothe 25. des. 1878 Rygg, Mardal 1916 1936* Volda lærarskule (1898), Stord (1900) Tidlegare tilsett i småskulen i Hassel, Ore, Vanse (1914-1916). Småskulen i Mardal frå 1936.
Synneve Lotsten Rygg 1937 (1938?) Vikar
Else Djuvstein 9.juli 1911 Rygg, Mardal (seinast 1941) (tidl. 1954) Stord lærarskule (1935)
Emmely Myklebust (Sande) Rygg, Mardal, Austrheim (1943?) (1944?)
Johan Vereide 5. jan. 1891 Rygg, Sandane 1942 (tidl. 1957) Volda lærarskule (1923) Tidlegare lærar ved Sandane skule (1927-1942)
Oddrun Aaland Rygg (1947?) (1948?)
Aud Venbakken Rygg (1954?) (1955?)
Kr. Kaale Rygg (Seinast 1957) (Tidl. 1959)
Maria Sælen Rygg (seinast 1957) (tidl. 1972)
Ragnar Rygg 14. april 1913 Rygg. Vikar ved Mardal og Sandane (seinast 1959) (tidl.1972) Nesna lærarskule (1944)

Foto

Referansar

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Møtebøker for skulestyret i Gloppen kommune
  • Skuleprotokoll for Rygg skule, 1916-1945
  • Skuleprotokoll for Rygg skule, 1917-1942
  • Hovudbok for Rygg skule, 1945-1966
  • Karakterprotkoll for Rygg skule, 1942-1964
  • Ekstraktprotokoll for Gimmestad krins, Sande krins og Rygg krins, 1888-1917
  • Dagbok for Gimmestad krins, Sande krins og Rygg krins, 1878-1896
  • Dagbok for Rygg krins, 1894-1931
  • Dagbok for Rygg krins, 1897-1914
  • Dagbok for Rygg skule, 1916-1972
  • Dagbok for Rygg skule, 1931-1972

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.778015° N 6.126072° Ø