Nesjane krins
Nesjane krins (også kalla Hestenes krins) i Gloppen kommune ligg i opninga av Hyefjorden. I 1838 var Nesjane krins 1. rode i Næsje distrikt. Krinsen famna då om gardane Devik, Kvitenes, Hestenes, Eikenes, Skjerdal, Hyenes, Skeistrand og Årevik.
I 1860 var det ny krinsregulering. Då vart Nesjane ein del av ein todelt krins med gardane lenger inn i Hyefjorden. Del 1. Nesjane, famna då om gardane (...), Hestenes, Øyra, Eikenes, Skjerdal og Hyenes.
Under krinsreguleringa i 1890 foreslår skulestyret at Anda/Devik krins og Skeistrand krins blir slått saman med Nesjane krins. Kommunestyret i Gloppen kommune gjekk i mot dette forslaget og krinsane held fram som før. I 1915 var det berre to elevar i Devik og 5 elevar i Skeistrand krins og dei vart lagt til Nesjane krins.
I 1928 var det berre 5 elevar att i Osmundnes krins, så krins vart lagt til Nesjane. Ungane frå Kleppenes og Osmundnes måtte bu vekke medan dei gjekk på skule i Nesjane.
Nesjane krins vart seinare slått saman med Rygg krins i 2000.
Skulehus
Nesjane skule (1)
- Byggeår: 1865
- Fungerte som skule: 1865-1922
- Anna bruksområde: Skulehuset vart selt til læraren
Nesjane skule (2)
- Byggeår: 1922
- Fungerte som skule:
- Anna bruksområde:
Det nye skulehuset var innvigd 28. september 1922.[1]
Skuledagen
Skulevegen
Skuleborna som budde lengst frå skulen måtte bu vekke når dei gjekk på skulen. Ola M. Hestenes skriv i boka Nesjane krins at på grunn av dette var det ei veke småskule for dei tre fyrste åra, og ei veke for dei fire siste. Storskulen "hadde to fjortendags-turar" kvart år fordi dei skulle ha lenger skuletid enn småskulen. Vidare skriv han om skulevegen at:
Berre frå Devik var det mogleg å ta seg fram til fots, men det tok ein time å gå. Foreldra til borna frå utkantane hadde eit slit med å få borna til skulen på måndag og heim på laurdag, som også var skuledag i den tida. Martinus Mettenes var den fyrste som stod for offentleg skuleskyss til Nesjane skule.
I fyrste tida var færingsbåten framkomsmiddelet. Martinus hadde nok mange harde tak, og hardt vart det nok for borna som måtte sitje i open båt frå grenda og til Øyra.
Eg minnest ein kveld eg tilfeldig var ute på Neset når Martinus kom roande. Det var klarver og kaldt med ein bitande austavind. Om borna sat godt tilpakka i båten, så var dei minste som ikkje kunne ro ganske nedkjølte. Martinus bar fleire av dei opp på kjøkenet til Magnhild på Neset, og du verden kor fort dei rakna til igjen. Etter ei tid attmed komfyren og eit godt måltid mat var leiken i full gang.[2]
Lærarar
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Ola Josefson Hestenes | 1822 | Nesjane, Vereide | 1838 (Nesjane), 1852 (Veriede) | 1890 | Prostprøve | |
Anders Abs.son Hestenes | 1842 | Nesjane, Skeistrand | 1864 | 1894 | Prostprøve 1864 | |
Jens Jakobsen Lothe | 1863 | Nesjane, Skeistrand | 1894 | 1898 | Stord lærerskole 1884 | Seinare lærar i Volda og Ålesund. |
Anders R. Heien | 1876 | Nesjane, Skeistrand, Rygg | 1898 | 1902 | Volda lærarskule 1898 | |
Jakob M.A. Lothe | 1881 | Nesjane, Skeistrand, Lote | 1902 | (1912?) | Volda lærarskule 1901, Lærarhøgskulen 1922-1923 | Tilsett i framhaldsskulen 1912. |
Lars Kr. Arnestad | 1882 | Nesjane, Skeistrand | 1919 | (1947?) | Volda lærarskule 1902 | |
Jon Eikenes | Nesjane | (seinast 1948) | (tidl. 1959) |
Foto
Fotnotar
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Hestenes, Ola M.. Nesjane krins. Utg. [O.M. Hestenes]. 2001. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1890-1927
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1927-1947
- Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1947-1957
- Dagbok for Hestenes (Nesjane) krins og Skeistranden krins, 1898-1923
- Skuleprotokoll for Nesjane krins og Hestenes krins, 1845-1862
- Ekstrakt-protokoll for Hestenes krins, Strømme krins, Skeistrand krins og Nesjane krins, 1889-1911
- Hovudbok for Nesjane krins, 1922-1972
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
Koordinater: 61.838946° N 6.006084° Ø